Selskapet

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om eg og Torbjørn skreiv åtte i invitasjonen, ringer det på døra ti over sju. Me kikkar på kvarandre og fryktar det verste. Eg småspring ut og opnar, Trygve og Randi står på trappa og smilar. Gratulerer, seiar dei. Takk, seiar eg og slepper dei inn, kva anna kan eg gjera? Torbjørn hadde ei dårleg kjensle, og var i tvil om me burde invitera Trygve og Randi. Me landa til slutt på at det var det rette å gjera. 25 gjester totalt, om alle kjem. Me kjende at tida var inne, og at dette var ein fin anledning, sjølv om det er veldig ulikt oss å invitera til noko som helst.

Det er mykje som ikkje er klart, og eg har ikkje kledd meg heller, og Torbjørn skulle fare over golvet med støvsugaren før gjestane kom. Kvifor kjem dei no, før alle andre?

Randi fylgjer etter meg inn på kjøkenet og heng rundt kjøkenbenken. Trygve spør om ting inne frå stova. Eg kan ikkje høyra heilt kva han seier, og må gå inn og spørje kva det var han sa. Eg lèt som eg synest det han spør om, er morosamt.

Eg mistar skeia som skal stå i salaten, i golvet. Torbjørn plukkar ho opp, og eg går heilt opp i øyra hans og seier at han må vera så grei å få Randi med seg inn i stova før det klikkar for meg, eg får ikkje gjort det eg skal. Til slutt klarar Torbjørn å få Randi med seg ut av kjøkenet.

Når eg kjem inn i stova, ser eg at dei har sett seg ned ved matbordet. Trygve har skrukka til duken og velta servietten på motsett side. Det er fleire andre stader å sitja i stova vår. Me har lenestolar og sofa, og attmed vindauget står eit lite bord med to stolar. Me har til og med et par puffar det går an å sitja på. Ingen normale menneske set seg til bords før vertskapet ber folk setja seg til bords. Skal Trygve og Randi sitja på utstilling når dei andre gjestane kjem?

Eg har lyst å be dei flytta seg langt vekk. Me skreiv åtte i invitasjonen, og det er umogleg å misforstå. Torbjørn spør om Trygve kan hjelpa til med å bera ut eit bord. «Det er klart eg kan», svarar han høgt og skyv stolen med seg sjølv oppå bort frå bordet slik at det mest sannsynleg blir nye skrapemerke i golvet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement