Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Sann dikting om sjuk mor

Tiril Broch Aakre har skrive både ein krass kritikk av norsk psykisk helsevern og ei varm og vond forteljing om forholdet mellom ei bipolar mor og døtrene hennar. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tiril Broch Aakre framfor bunadskledde kvinner på Kaffistova i Oslo.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

7945
20191129
7945
20191129

Litteratur

ida@dagogtid.no

Det er sjeldan eg les ein norsk samtidsroman og tenkjer at denne boka er skriven av di det var naudsynt – ikkje av di nokon ville skrive ei bok eller vere forfattar, men av di livet til den som skreiv, kravde at nettopp denne boka vart til. Men slik las eg altså Tiril Broch Aakres Mødre og døtre, ein roman om mor hennar, som i mange år sleit med psykisk sjukdom og til slutt tok livet sitt.

Aakre har skrive fire bøker sidan ho debuterte i 2013, og jobba i mange krikar og krokar av Litteratur-Noreg, i tidsskrift og forlag, som konsulent og skribent. Rett før eg går for å møte henne på Kaffistova i Oslo, vert det offentleggjort at ho no byrjar i ny jobb som sjefredaktør for skjønnlitteratur i forlaget Vigmostad og Bjørke. 

– Gratulerer med ny jobb! 

– Takk!

– Og gratulerer med enormt god mottaking av romanen. Folk har spurt seg kvifor du ikkje kalla boka for sakprosa, når forteljinga er sann. Er det irriterande å få spørsmål om sjangerval kvar gong du skal snakke om boka? 

– Ja, men eg rekna med at det kom til å kome. Mange likar å ta opp den tråden, men for meg har det dreia det mest om å lausrive meg frå spørsmål om sjanger, slik at eg kunne skrive fritt. Samstundes skulle det ikkje vere tvil om at boka er sjølvbiografisk. I ein periode skreiv eg i tredje person. Eg skreiv «mora» og «dottera». Eg gjorde det for å klare å skrive. Men då eg nesten var ferdig, innsåg eg at eg ikkje trong det grepet likevel. Eg ville strippe boka for typiske fiksjonsgrep. Bøker endrar seg undervegs. Eg ville stå så fritt som mogleg, slik at desse endringane kunne skje. For meg er det dessutan eit poeng at skjønnlitteraturen kan handle om røynda, sosiale problem og aktuelle saker. Sjølv tenkjer eg at eg skriv i ein tradisjon av sjølvbiografiske romanar. Men om nokon les boka som noko anna, er det greitt for meg. Folk får lese som dei vil. 

Systemkritikk

– Korleis har det vore å skrive systemkritikk i romanform? Gav det deg fridomar du ikkje hadde hatt om du skulle skrive det same i eit lesarbrev i avisa?

– Eg har skrive lesarinnlegg om og snakka om det i ulike offentlege situasjonar, og på eit vis er alle desse ytringane del av det same prosjektet. No held eg òg på med nokre filmsnuttar på Facebook. Dei òg høyrer til verket. 

– Kva meiner du var det grovaste sviket frå helsevesenet i møte med mor di? 

– Vi meiner at dei burde ha kommunisert betre til oss då ho vart sendt heim. Då ho vart skriven ut frå sjukehuset nokre månader før, følgde ikkje helsevesenet opp som avtalt. Då vart ho raskt dårleg igjen. Ho mista håpet. Ho hadde vore ute ei vinternatt før, men i det ein mistar håpet... 

– Har du hatt kvalar med å løfte fram sjølvmordstematikk i det offentlege, med tanke på alt ein høyrer om «smitteeffekt»?

– Å vere open om desse tinga er bra, men ein bør unngå sensasjonalisme. Ein skal til dømes vere varsam med å skildre sjølvmordsmetodar. Eg har freista å finne ei balanse mellom å vere sannferdig og å vere varsam. Eg har heile tide vore medviten om denne balansen. Difor var det viktig at det også var håp i boka. Det er ikkje berre ei mørk historie der alt går til helvete.

– Kvar er lysglimta?

– I dei gode kreftene som hjelper og støttar. Og i det eg har med meg frå mamma. Ho elska litteratur. Det var ho som lærte meg å lese og skrive – ikkje berre i teknisk forstand, men verkeleg å analysere tekst.

– Kva trur du ho ville tenkt om boka?

– Eg ville skrive ei bok som ho hadde likt. Ho var den fremste til å heie på meg som forfattar. Eg har skrive boka i hennar ånd. Klart eg var i tvil om det var rett av meg å skrive om henne på akkurat denne måten. Men så snakka eg med ein ven av henne som sa: «Trur du verkeleg mor di hadde likt at du skreiv ei bok som ikkje var sannferdig?» Det hadde ho ikkje. Dette var ei kvinne som las Farvel til Eddy Bellegueule tre gonger i vekene før ho døydde. Å gå rundt grauten eller å glansmåle i ei forteljing om henne ville ikkje ha vore i hennar ånd. 

– Og ho hadde vel sjølv eit medviten forhold til det å skildre andre?

– Ja, ho var jo kunstmålar, med eit eige kunstsyn. Ho måla portrett. Fleire av meg. Og no har eg skrive eit portrett av henne og av relasjonen vår.

– Mor mi var sosiolog og forstod det meste som eit resultat av relasjonar og hendingar. Ho var skeptisk til psykologi og psykologisering, meinte slik tenking fokuserte for mykje på individet, ikkje samfunnet rundt. Også desse faglege perspektiva hennar freistar eg spegle i boka ved at eg viser korleis ho vart forma av relasjonar, hendingar og situasjonar. Det er slik ein må forstå suicidalitet. Det finst dei som tenkjer annleis, som seier at om nokon vil ta livet sitt, så får dei det til same kva ein gjer. Men dette biletet av ein enkeltperson med ein vilje... Det stemmer ikkje. Det er for enkelt. 

Mytar

– Ja, poppsykologien er full av slike nesten romantiske bilete av det liksom lagnadsfulle valet til eit tragisk suicidalt menneske. 

– Ja, det er ein av desse mytane som sjølvmordsforskarane seier ikkje stemmer. Det finst alltid ein ambivalens der. Det er sjeldan ein vil berre éin ting. Forskarane ved Senter for sjølvmordsforsking er svært flinke. Dei har ei liste over slike mytar om sjølvmord som dei vil knuse. 

– Eg har gått gjennom pasientjournalar. Dei er som små portrett. I journalen til mor mi stod det at ho hadde vore gift fleire gonger, at ho var sosiolog og kunstmålar, at ho hadde levd eit turbulent liv med mykje flytting, og at ho hadde eit godt forhold til døtrene. Slik teiknar ein pasientjournal eit portrett av ei kvinne, basert på ei svært gamaldags oppfatning av kva eit kvinneliv skal innehalde: stabil heim, familie og så bortetter. Det står ikkje noko i journalen om at ho hadde mange gode vener som ho hadde hatt over mange år. Slik informasjon hadde justert biletet av eit menneske som ikkje klarer å halde ved lag vanlege relasjonar, og det ville sagt meir om henne enn at ho var gift og skild nokre gonger for mange herrens år sidan. Det med at ho hadde eit godt forhold til oss døtrene, er òg for enkelt. Alle som jobbar i helsevesenet, burde forstå at forholdet mellom ei dotter og ei mor som henne er komplisert.

– Ja, det er utruleg korleis dei kjønnskonservative sidene av Freud heng igjen i psykologien og kjem til uttrykk i banale førestillingar om seksuell forskjell og familiestrukturar. 

– Ja, det heng verkeleg igjen.

Genetisk disposisjon

– Var du nokon gong redd for å bli som mor di?

– Ja, så klart. Forståinga for psykisk sjukdom i dag er at ein har eit sett med genetiske disposisjonar, til dømes for schizofreni eller bipolaritet, som vert trigga av relasjonar, rus eller hendingar i eiga historie. Mor mi var bipolar, og det er klart eg har tenkt på at eg òg kan vere genetisk disponert for det same. Ofte har eg kjent meg som ei slagmark der desse genane og historiene spelar seg ut, særleg då eg var yngre. Men samstundes er mi historie ei anna enn hennar, som var prega av traume i barndommen, og det har eg alltid visst. I studietida sleit eg med depresjon og angst, men no er eg førtitre og livet har blitt bra. Før heldt eg tilbake og freista vere meir ordentleg enn eg eigentleg var. Eg overvakte meg sjølv litt, var redd for å vere for ambisiøs, engasjert eller ivrig. No slepper eg laus det eg kjenner att av henne i meg sjølv. Nettopp det å verte forfattar er å sleppe laus krefter som eg kanskje var litt redd tidlegare.

– Går det an å spørje om det er noko ved det at ho er borte, som er godt, eller er det provoserande?

– Nei, ikkje provoserande i det heile teke, for ein kunne jo tenkje seg at eg var letta. Men det er eg ikkje. At ho skulle døy slik som ho gjorde, er berre forferdeleg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Å gå rundt grauten i ei forteljing om henne ville ikkje ha vore i hennar ånd.

Tiril Broch Aakre, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Joe Biden ser på ein kvantedatamaskin hos teknologiselskapet IBM i New York hausten 2022. For tida går det føre seg eit globalt kappløp for å utvikle stadig kraftigare utgåver.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB

Samfunn

Mot ein ny teknologisk tidsalder

Om få år kan verda stå overfor ein kvanteteknologisk revolusjon. I Noreg bur næringsliv og tryggingsmiljø seg på ei omvelting ingen enno kjenner dimensjonane av.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: NTB

DiktetKunnskap
Jan Erik Vold

«Arne Paasche Aasen var ein av dei mest produktive poetane i Noreg.»

Denne havsvala har fått ring kring beinet og skal snart flyge av garde. Mykje står att å lære om arten, som særleg sjømenn har møtt inntil nyleg.

Foto: Lars Tore Mubalegh-Håvardsholm

DyrFeature
Naïd Mubalegh

Julefuglen i augustnatta

Havsvala tel blant dei minste sjøfuglane i verda. Ho er omtrent stor som ein sporv, men kan leve lenger enn tretti år.

Angela Merkel vart forbundskanslar i 2005.

Foto: Michael Sohn / AP / NTB

BokMeldingar
Bernt Hagtvet

Angela Merkel har mykje å læra oss om korleis politikk vert hamra ut – med fornuft.

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis