Samling for framtida
Dei som fekk pallplass i kåringa av årets tåpelegaste namn, er sjølve godt nøgde med dei nye namna sine.
– Vi opplever at namnet Equinor har sett seg raskt, og det opnar for god dialog om korleis vi er i utvikling som selskap, seier informasjonsdirektør Bård Glad Pedersen.
– Vi valde med vilje eit namn som ikkje skildrar kva vi gjer. «Statoil» gav inntrykk av at vi berre driv med olje. «Nor» fortel noko om kor vi kjem frå, og så er «Equi» noko vi må fylle med innhald og skape assosiasjonar til.
Samlande fjord
Eva Hove er ordførar i Stordal, som blir slegen saman med Norddal til Fjord kommune.
– Vi skulle finne eit namn som var samlande. «Storfjord» kunne vore greitt for vår del, men det er oppteke. «Fjord» er eit godt norsk ord, og alle bygdene våre ligg ved fjorden. Vi såg òg på andre kommunenamn som Fjell, Sund, Os og Vik, og dei er ikkje kvalitativt ulike «Fjord».
– Arne Sandnes, kollegaen din i Norddal, meiner namnet Fjord kan vere bra marknadsføring?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.