Diktet

«Salme» rommar dei mest sentrale hendingane i lidingssoga.

Publisert Sist oppdatert

«Salme» av Jakob Sande er mellom dei mindre kjende påskesalmane, men det er ei gripande tekst. Jakob Sande er representert i Norsk Salmebok med tre salmar. Dette diktet er ein av dei. Diktet er frå Sandes andre samling, Storm frå vest (1931).

Diktet fylgjer Jesus gjennom påsken, fyrst i Getsemane, hagen ved Oljeberget, der Jesus vakte og bad om at denne «skåli» skulle takast ifrå han. Med det meiner han metaforisk lagnaden som venta han neste dag. Med «alle dine rømde» peikar Sande på læresveinane som rømde bort frå Jesus etter at Judas hadde gjeve han dødskyssen.

I strofe to går vi fram i tid, til langfredag, der Jesus fyrst blir «krynt med klungerkans» av soldatane til Pontius Pilatus og såleis spotta som «konge over jødane». Strofe tre fortel om sjølve krossfestinga same dagen. Her gjev Sande oss ei teologisk utgreiing av Jesu daude: Han er lammet, den skuldlause, som ofrar seg for menneska, tyngde av arvesynda. No er synd ikkje lenger eit spørsmål mellom folket og Gud, men eit individuelt spørsmål mellom menneske og Jesus.

Det siste blir utdjupa i strofe tre. Her forlèt Sande tidsperspektivet og blir personleg, gjennom eit skifte frå «du» til «meg». Ved å skode sår og gjennomspikra hender innser eget kva offer Kristus har gjennomført. Ved å gje seg over til Jesus kjem eget på same nivå, «upp til deg på krossen du».

Dette diktet på berre fire strofer rommar dei mest sentrale hendingane i lidingssoga, altså Jesu pasjon. Eit slikt heilagt tema krev ein høgtideleg språkbruk. Alt i fyrste verslina er det inversjon, omvend ordstilling: «natti seine». Vanlegvis unngår vi slik unaturleg språkføring, men her fungerer det retorisk som eit uttrykk for patos.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement