Så kom skrubben laskande fram
Ulven må kjempa mot sitt dårlege rykte som skurk i folklore, popkultur og bygdepolitikk.
Øyrekviskraren hadde ein finger med i spinnet då Erna blei send på signingsferd i slede til Innlandet for å redusera skadepotensialet i Hedmark Høgre. Det såg ganske malplassert ut då den hutrande statsministeren møtte sinte sauebønder i findress frå Felleskjøpet. Dialogen med dei innfødde blei heller ikkje god i kufjøset. Øyrekviskraren tregar på ekspedisjonen, og det blir ingen reprise. Snart er det lemming, og då ville vel bøndene møta opp med små lamungar som Erna skulle få sjå – før dei blir kasta til ulvane, og dei blodige kadavera synte fram i neste senterpartifilm. Uskuldige lam er like søte som forsvarslause og storauga selungar. Og dei er sjølve symbolet på gudeleg skuldfridom i strid med vondskapen som jaktar på lammets blod.
CANIS LUPU
har eit dårleg rykte. Det er berre i gamaltestamentlege profetiar at ulven og lammet beitar saman (Esaias 65,25). Odin hadde ein heil dyrepark: den raske hesten Sleipner med åtte bein, grisen Særimne som metta heile Valhall, og ramnane Hugin og Munin som fretta alt og var gudens tanke og minne. Odin hadde også dei to ulvane Gere og Fleke, men dei var berre griske og grådige.
Ulv, skrubb, varg, gråbein har rolla som kjeltring og skurk i mytologi, folklore og moderne popkultur. Den slue ulven i eventyret åt opp bestemor og ville lura Raudhette til sengs. I Disney-universet jaktar den forslukne Storeulv alltid på dei tre små grisane. Blodsugande varulvar er ikkje greie å ha med å gjera.
I det norske nasjonaleposet Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen blei den smarte reven ein rett nok motviljug vegetarianar, medan bjørnane åt blåbær og honningkaker med elgen som kjøkemeister. Den godslege Bamsefar hadde tolv manns styrke og ti manns vett. Men ulven klarte ikkje Thorbjørn Egner å innlemma i godhetsregimet. Ikkje var det nødvendig heller, for på Egners tid var ulven utrydda i norske skogar. Den streifande Vegårsheiulven blei skoten i 1983, stoppa ut og utstilt i sparebanken. EIN PLASSMANN utan ungar til å gjera jobben gjette Tulla i 15 år. Han mista både lam og får, men berga Tulla, sjølv om det var dårleg beite. Då kom tragedien:
Og så kom skrubben laskande fram,
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.