Russlands-fararenOmkrinsen av jorda er 40.075 kilometer. Erika Fatland har reist langs Russlands grense, det er 60.932 kilometer.

Omkrinsen av jorda er 40.075 kilometer. Erika Fatland har reist langs Russlands grense, det er 60.932 kilometer.

Ved Donetsk. Erika Fatland, saman med Vladimir, ein historieprofessor omskolert til stridsvognførar.
Ved Donetsk. Erika Fatland, saman med Vladimir, ein historieprofessor omskolert til stridsvognførar.
Publisert

«En fryktløs globetrotter», skreiv ein kritikar nyleg om Erika Fatland. Det viser til den siste boka hennar: Grensen. En reise rundt Russland, ei reiseskildring som ikkje nett fylgjer normalen for reiseskildringar. Russland er det landet i verda med lengst grense. Denne ferda har Fatland gjort til fots, med båt, i bil – men ho har òg juksa litt ved å reise einskilde stutte strekningar med fly.

Les du tittelen, bør du leggje meir vekt på grense enn på Russland. Fatland har studert dei fjorten landa som Russland grensar til. Det er tale om fjorten små land – vel, ikkje alle er så veldig småe, som Kina – som grensar til det største imperiet i verda.

Reisene inneheld mange eksotiske høgdepunkt, som strupesong på steppene i Mongolia, men fokuset ligg på liv og soge i skuggen av ei supermakt. Boka syner at ei grense ikkje er eit fasttømra fenomen, men noko flytande.

– Då Putin annekterte Krim-halvøya i 2014, var det hovudsak på nyhenda, vi vart alle sjokkerte. Dette var overtramp mot ukrainsk territorium. Vi ser gjerne på grenser som fiks ferdige linjer. Men historia lærer oss at dei endrar seg; grenser er menneskeskapte. Og det gjeld i høgste grad for Russland, fortel Fatland.

Boka er flust av døme på dette. Fatland reiser kilometer etter kilometer på jakt etter Russlands faktiske og forsvunne grenser. Men det er ikkje naudsynt å reise for å koma til eit nytt land. Fatland fortel dette om ei eldre georgisk kvinne som aldri har reist: «Hun har bodd i tre land: Sovjetunionen, Georgia og Sør-Ossetia».

Kva land er no Sør-Ossetia? Ein kunne like gjerne nemne Abkhasia, Nagorno-Karabakh og Donetsk. Det er utbrytarrepublikkar som er produkt av dei flytande grensene til Russland; sistnemnde, som ligg i Aust-Ukraina, er den yngste republikken i verda. Slike land blir ikkje alltid anerkjende internasjonalt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement