Bok

– Røyndomsdebatten umyndiggjer kunsten

Når Hanne Ørstaviks nye bok har ordet roman i tittelen, er det ikkje for å markere at dette er fiksjon. Røyndomslitteraturen hever ho seg nemleg høgt, høgt over.

Hanne Ørstavik seier at alle romanane hennar er lenka saman.
Hanne Ørstavik seier at alle romanane hennar er lenka saman.
Publisert

Somme tider kan opphavet til ein romantittel vere sørgjeleg prosaisk. I tilfellet Roman. Milano fall det seg slik at då ho byrja skrive, gav ho fila dette namnet, for det var meint å vere ei bok med Milano som «hovudperson». Men slik blei det ikkje, sjølv om utforskinga av den norditalienske byen går som ein raud tråd gjennom historia.

– Dette har ingenting å gjere med røyndomsdebatten i Noreg, som eg synest er så snever og lågpanna at eg ikkje vil involvere meg i han. Eg lengtar etter at vi kan snakke om kunst; for røyndomsdebatten har umyndiggjort kunsten. Det er det alvorlege i dette. Kunsten er jo eit eksistensielt livsområde som denne sjølvbiografiske dynelyftinga heilt har sett på eit sidespor, og det er forstemmande.

Samstundes vedgår forfattaren at som alle dei andre romanane hennar er også denne sjølvbiografisk på djupnenivået. Grunnspørsmåla ho undersøkjer, er hennar eigne, men også allmenne: Tilhøyrsle, kva skal til for å kunne gi seg hen, kan ein vere trygg på at ein er elska, korleis kjenne kjærleik om ein ikkje veit kva det er?

Teiknar og diktar

Hovudpersonen prøver å forstå verda kring seg ved å teikne og dikte henne fram.

– Eg trur at forholdet mellom indre og ytre verd er mykje tettare, meir samansett og mindre gjennomsiktig enn vi trur. For meg er eit kunstverk langt meir verkeleg enn framsida på Dagbladet. Du kan spørje: Kva for røyndomsgyldigheit gir vi dei ulike livsområda? Det er viktig å kaste inn eit anna blikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement