Minneord
Roy Jacobsen
(1954–2025)
Roy Jacobsen er død. Med det har norsk litteratur mista ein av dei aller mest markante og prislønte forfattarane frå dei siste nesten fem tiåra. I nitten romanar og fire novellesamlingar utmerkte Jacobsen seg med ei sjeldan evne til å skrive fram livet til dei minst privilegerte menneska i landet vårt.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Roy Jacobsen vaks opp på Årvoll i Oslo, i eit tøft miljø. I ungdomstida kom han med i ein kriminell gjeng. Seksten år gamal måtte han sone i fengsel. Han sat inne i ein dryg månad, men erfaringa heldt til det som vart debuten i 1982, Fangeliv. Novellesamlinga gav han Tarjei Vesaas’ debutantpris.
Det store gjennombrotet kom med Seierherrene i 1991. Romanen har gått inn blant klassikarane i norsk arbeidarlitteratur. I ei brei generasjonsforteljing skildrar Jacobsen klassereisa til ein familie frå Helgeland gjennom store delar av 1900-talet. Romanen selde i ein halv million eksemplar og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris.
Han vann ikkje den litteraturprisen, men forfattaren har blitt æra med det meste som er å få av norske litterære prisar: Kritikerprisen, Bokhandlarprisen, Riksmålsprisen og mange fleire. Som einaste nordmann nokosinne vart han i 2017 kortlistenominert til den internasjonale og prestisjefylte Man Booker-prisen for De usynlige.
Romanen var den første av fire høgt skatta historiske romanar frå Helgelandskysten som kom i åra 2013–2020. Igjen vart Jacobsen hylla for kor truverdig og detaljrikt han skildrar Noreg nedanfrå. Vi var mange som vart gripne av soga om Inger Barrøy og familien hennar, og det vêrharde tilværet deira i havgapet.
I huset har dei éin einaste stol. Livet består av arbeid frå morgon til kveld, også for barna som må lære å ro omtrent samstundes med at dei lærer å gå. Naud og naudsyn driv livet. Likevel er romanane slett ikkje offerhistorier. Sjølv om kvardagen består av slit, er det stor plass til varme, leik og draumar. Med stor vørdnad syner bøkene oss som lever no, kva folk har måtta greie opp gjennom tida, ei viktig påminning om kva vi kjem frå – for ikkje så veldig lenge sidan. Ingers historie har blitt adaptert til opera.
Noko av storleiken i forfattarskapen er nettopp korleis Jacobsen i store, episke soger i solid realistisk tradisjon også har eit fininnstilt apparat for dei underliggande rørslene i og mellom folk. I bøkene hans finst ikkje typar eller flate karakterar, men heile menneske. I 2023 fekk han St. Olavs Orden for forfattarskapen sin.
Interessefeltet til forfattaren spente breitt. Gong på gong imponerte bøkene med detaljkunnskap frå andre tidsepokar, som i to romanar frå 2003 og 2005. Med førelegg i den store klassikaren frå norrøn litteratur, Njåls saga, skreiv Jacobsen fram eksistensar frå vikingfortida vår i romanen Frost. Hoggerne er ei skildring av brutalitet og nestekjærleik i krigstid, nærare bestemt den finske vinterkrigen.
Engasjert i krig var han også i røynda, utanom litteraturen. Med bilar fullasta av mellom anna overvakingsdronar og fjellstøvlar reiste han og kona til Lviv i 2023 med organisasjonen Fritt Ukraina.
Jacobsen skreiv også sakprosa, mest kjend er biografien om Trygve Bratteli.
Roy Jacobsen var stemma til ein heil generasjon, seier forleggaren og venen Anders Heger.