JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Rotlaus ungdom fyller 80

– Det beste med suksess er å vita at det ikkje er noko å lengta etter, har Liv Ullmann sagt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Liv Ullmann i oktober, i samband med avdukinga av eit portrett av henne på Theatercafeen i Oslo.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

6388
20181214

Bakgrunn

Liv Johanne Ullmann

Fødd 16. desember 1938

Skodespelar og regissør

Har skrive dei sjølvbiografiske bøkene Forandringen og Tidevann

Mor til forfattaren Linn Ullmann

Var med på å etablera velferdsorganisasjonen Women’s Refugee Commission i 1989

Då Liv Ullmann hadde den fyrste hovudrolla si, i Edith Carlmars Ung flukt, freista Ullmann-slekta å få filmen stoppa; i eit av klippa vert nemleg den ullmannske rumpa vist.

Det var ikkje rumpa eg beit meg merke i. Det var Livs tolking av den rotlause austkantjenta Gerd. Ho meistra å visa ein uskuldig villskap. Ho var som ein norsk James Dean, og eg vart bergteken. Men der Deans liv enda brått i ei bilulukke, kunne Liv halda fram og utvikla seg gjennom mange fasar i karrieren.

Eg vil intervjua Liv Ullmann og sender to e-brev, men får ikkje svar. I staden oppsøkjer eg bøkene og filmane hennar.

I boka Tidevann (1984) skriv ho at kvinner i generasjonen hennar fall mellom to epokar: før ein valde sjølv og etter valet.

Valfridomen kom brått og var ikkje berre lett. Kvinner fylgde straumen av andre «frie» kvinner. Men Liv nytta sjansen ho fekk. 17 år og skulelei avbraut ho skulegangen i Trondheim og drog til England for å læra meir om teater, og vidare inn i karrieren som skodespelar. Fyrst på teaterscena, deretter på film.

Ho vart kjend for eit smalt publikum gjennom Ingmar Bergmans filmar, og sidan for ei større mengd med Jan Troells Utvandrerne og Nybyggerne. Dei sistnemnde filmane sette fart i Hollywood-karrieren.

«Jeg forsøker å fikse håret, glad over at Hollywood har tatt mitt ’Natural look’ til sitt bryst», skriv Liv i boka Forandringen (1976).

Ho er kritisk til stjernedyrkinga i filmmekkaet og skildrar den rastlause jakta på forbindelsar, medan ein sit einsam ved eit badebasseng og eit stort hus nesten utan møblar.

«Jeg er det mange kaller ’priviligert’, men det er lenge siden jeg fant ut at menneskelig fremgang ikke er å finne i disse omgivelsene», skriv ho vidare.

Karrieren i Hollywood starta turbulent med mindre vellukka rolleval, men forholdet til Statane vart livslangt.

Eg veit det er banalt, men eg kjenner meg stolt av å sjå Liv Ullmann dela ut ein Oscar-pris til Marlon Brando saman med Roger Moore. Vel, Brando møtte ikkje opp, men sende i staden ei jente frå urfolket for å ta i mot statuetten. Stuntet var ein protest mot korleis «indianarar» vart portretterte i bransjen.

Vår eiga Liv brevveksla med Woody Allen, men hadde etter kvart ikkje tid til å svara på alle breva hans. Den jobben fekk difor assistenten hennar.

Trondheimsjenta hadde ein naturleg og god kjemi med TV-verten Johnny Carson på Tonight Show, der ho var gjest fleire gongar. Men så har ho jo òg spela i nokre av verdas beste filmar.

Ti filmar og eitt barn laga Liv saman med Ingmar Bergman – alle ovundra over landegrensa. Fyrste filmen, Persona frå 1966, er for meg kanskje den mest minnerike. Liv har tre replikkar i heile filmen. Dei er «Au», «Nei, la være» og «Ingenting». Det var den tause, men intense framtoningen og yin og yang-samspelet med taleføre Bibi Andersson som gjorde Liv verdskjend.

Rollefiguren hennar utstrålar ein dualisme, ein teknikk 22 år gamle Liv lærte av Berthold Brechts nære medarbeidar Peter Palitzsch.

«Alt det vi fremstiller på scenen bør vises fra to sider. Belyses både i svart og hvitt. Når jeg smiler, skal jeg også vise grinet bak. Forsøke å fremstille kontrabevegelsen – kontrafølelsen», skriv ho i Forandringen.

Sjølv om det romantiske forholdet til Bergman var kort, vart samarbeidet og venskapet langt.

Høstsonaten frå 1978 er favoritten min. Har du eit snev av mor–dotter-kompleks, vil filmen ha ein sterk og forløysande effekt.

Ingrid Bergman, som var kreftsjuk under innspelinga, spelar mor til Liv. Ho var pianist og valde karrieren framføre familien. Parallellane til privatlivet til begge skodespelarane er påfallande.

Liv voks opp med ei åleinemor, og fortel at ho under innspelinga av Høstsonaten identifiserte seg med rollefiguren sin. Kjensla av å vera vekkprioritert som barn, skildrar ho i bøkene sine.

Filmen viser ein stor konfrontasjon mellom mor og dotter, der Livs rollefigur klandrar mora for det havarerte livet sitt.

Liv meinte det ho sa den gongen, men med åra har synet hennar endra seg. I samtaleboka Livslinjer, ført i pennen av Ketil Bjørnstad, seier ho at offerrolla skal vekk frå livet hennar: «Hvordan kan man ta så lite ansvar for sin egen skjebne?»

Liv seier at å klandra foreldre er som ein bumerang i livet. Det er noko ein får tilbake når eigne barn veks til.

I boka De urolige frå 2015 skildrar dottera, Linn, livet med suksessfulle kunstnarar til foreldre. Liv var òg utleverande i dei sjølvbiografiske bøkene ho skreiv. Bumerangen går alle vegar.

I bøkene eg har lese, og intervjua eg har sett, verkar Liv Ullmann å vere ei ærleg og lite sjølvhøgtideleg kvinne. Ho skriv fengjande om livet, og sidene er spekka med gullkorn.

Sjølv seier ho: Eg er ei Nora. Så, i likskap med Ibsens Nora, rollefiguren ho har spela på alt frå distriktsscener til Broadway, ligg det noko djupt bak det barnlege ytret?

Liv kjenner til vondskap og menneskeleg liding i verda. Som fyrste kvinnelege Goodwill-ambassadør for Unicef i 1979 møtte ho kambodsjanske flyktningar i leirar ved grensa til Thailand. Dit reiste ho saman med holocaustoverlevar og seinare fredsprisvinnar Elie Wiesel.

«Det er ikke jeg som lider – jeg må aldri glemme det.»

Sundag fyller Liv Ullmann 80 år. Ho vert eldre med stil. Det er verdt å nemna at ho i 2009 regisserte En sporvogn til begjær (A Streetcar Named Desire) på Broadway. Cate Blanchett spela den nevrotiske Blanche DuBois, ei rolle ho bygde vidare på i Woody Allens Blue Jasmine, som gav henne Oscar for beste kvinnelege hovudrolle i 2014.

Dagens lette underhaldning er Liv kritisk til. I eit intervju ho gjorde i samband med dokumentaren Liv & Ingmar frå 2012, seier ho at filmar bør fremja det mellommenneskelege.

– Mistar me den gode historia til fordel for ville effektar og simple forteljingar, mistar me oss sjølve.

Liv Ullmann er ei stjerne. Men å sola seg i stjerneglans har likevel aldri vore eit mål for henne.

«Tomheten blir så stor etterpå – om man velger å leve og dø i strålekasterlys.»

May Linn Clement

May Linn Clement er journalist og fast teiknar og skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Foto: Universitetet i Bergen

Kultur
Morten A. Strøksnes

Nord-Noreg ord for ord

Bak Nordnorsk ordbok ligg livsverket til ein stor kvinneleg språkforskar frå Lofoten. Ho kjempa seg forbi mange hinder, men møtte alltid nye og fekk aldri anerkjenninga ho fortente.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis