Litteratur
Regnferd
Frank Tønnesen er låtskrivar og musikar. I denne spalta skriv han om hendingar og tankar som fell han inn.
Ein mann kjem gåande. Nett no er han midtvegs ute på den store opne plassen utanfor rutebilstasjonen. Der det i mange år var medisinutsal. Mannen har på seg ein svart frakk og ein artig, men grå hatt. Han ser ikkje opp eller til sida, eller nokon stad. Det er berre så vidt han flyttar på seg. Sakte sig han bortover asfalten i sitt eige tempo, som om han ikkje er i kontakt med bakken. Han har hatt dette tempoet ei stund.
Eit tempo som ikkje har kome over natta.
For alt eg veit, var han ein gong ein mann som likte å springe og hoppe. Kanskje ein sykkelmann. Så fall han stygt på ein av dei daglege turane sine, og slutta å sykle på timen. Kan hende har han berre gått lei av alt styret som har med sykling, hopping og springing å gjere. Eg hugsar ikkje kva årstal dei stengde medisinutsalet. Eller kvifor. Kommunen mangla nok pengar til å drive det vidare og såg ingen annan utveg enn å setje den såkalla kroken på døra.
No veit ikkje ungdommane kva eit medisinutsal er. Me fekk apotek i staden. To til og med.
Mannen sig bortover og slepar på ei trillevogn som kan innehalde kva som helst, men eg trur ikkje det er noko frå det eine apoteket. Han har nok vore ein tur på butikken. Kanskje kjøpt seg smågodt. Det er jo fredag.
Mannen er ikkje den einaste som er ute og luftar seg. Ei dame trillar ei barnevogn. Ein moped freser forbi. Tre gutar slåst om ein ball. Eit eldre ektepar held saman ekteskapet med to hundar. Fleire folk står utanfor stasjonen. Ein buss er på veg. Ei reise byrjar eller sluttar snart. Fleire bilar svingar inn og stiller seg opp, dei fleste lar motoren gå, eit vindauge opnar seg. Alle ventar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.