Litteratur

Rastlause reisande

Med sin nye roman gjer Merethe Lindstrøm eit djupdykk ned i heimløyse, rastløyse og uro, problem stadig fleire får kjenne på i livet.

Merethe Lindstrøm seier at ho i stadig større grad skriv om det å skrive.
Publisert Sist oppdatert

Om tingenes natur, med tittel og inspirasjon som forfattaren har henta frå den romerske filosofen og diktaren Lucrets og hans didaktiske lærebok De rerum natura, er historia om Julie og Asgeir, båe i femtiåra. Ho er forfattar og forteljaren i boka, han er bussjåfør og slit med depresjon. Dei har lite pengar og flyttar frå stad til stad, heile tida på leiting etter det aller billegaste.

Boka har tydelege ekko av romanen Fra vinterarkivene, som Lindstrøm gav ut i 2015. Men den boka er røyndom – laust sett inn i ei skjønnlitterær ramme – noko forfattaren var open om. Årets bok er fiksjon, men det er likevel råd å sjå forfattaren i drag ved hovudpersonen.

Økonomisk vanskeleg

Julie står i sentrum for historia, henne følgjer vi gjennom ulike stadium av livet. Ho er ein anerkjend forfattar, men har det som mange skrivande kollegaer – også Merethe Lindstrøm sjølv – økonomisk vanskeleg. Så stritt er det for dette paret at den stadige flyttinga har gjort dei både rotlause, heimlause og urolege. Noko som blir eit hovudtema i den mangfaldige og rike romanen.

– Det er vel tale om heimløyse, rastløyse og uro i både fysisk og mental meining?

– Absolutt. Det er ei rastløyse over Julie som eg kjenner meg godt igjen i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement