Ragnar Ulstein (1920–2019)

Ragnar Ulstein tek imot Forsvarets heiderskross i samband med markeringa av frigjeringsjubileet og Forsvarets veterandag på Akershus festning 8. mai 2015.
Ragnar Ulstein tek imot Forsvarets heiderskross i samband med markeringa av frigjeringsjubileet og Forsvarets veterandag på Akershus festning 8. mai 2015.
Publisert

Historikar Ragnar Ulstein er død, 99 år gamal. Heilt til det siste var han aktivt skrivande. Då ein av dei underteiknande gjesta han i Ålesund i februar i år, skreiv han på ein roman.

Ragnar Ulstein var soldat i verdskrigen. Sumaren 1941, berre 21 år gamal, reiste han frå Sunnmøre til Shetland med ei fiskeskøyte saman med seksten andre unge rømlingar (den yngste berre 17 år). Åtte dagar tok flukta over havet. Då dei gjekk i land, hadde Tyskland gått til angrep på Sovjetunionen. Hausten 1944 vart han som 24 år gamal Linge-soldat leiar for heimestyrkane i Sogn.

Verksemda som historikar tok til sumaren 1945. Nokon måtte skrive historia om kompani Linge, og på eit møte med veteranane i Oslo hadde nokon peikt på han, fortalde han til biografen Gunnar Myklebust. Planen hadde vore å bli student og lesa historie og språk. Slik vart det ikkje: Saman med to andre veteranar byrja han å setje saman historia om dei norske sabotørane i Special Operations Executive. Boka kom i to band i 1948. Inntektene frå boka gjekk til eit fond for etterlatne etter falne kameratar.

Etter kvart vart han journalist. Fyrst som redaktør for Fjordabladet på Nordfjordeid, så som redaktør for Filmavisa og seinare som journalist og leiarskribent i Bergens Tidende. Ei av sakene han brann for, var krigsinvalidane. Med base i Bergen gjekk han til felts mot det han og mange andre meinte var altfor stramme reglar for å få krigspensjon. Mange veteranar – både sjøfolk, folk som hadde vore i tysk fangenskap, og dei som hadde slåst i motstandsrørsla – sleit med nervane. Seinare var det grenselosane han gjekk i bresjen for. Om samane gjekk det rykte om at dei hadde utnytta folk på flukt. Ulstein lét seg ikkje rive med; han omtalte det illegale arbeidet til samiske grenselosar med respekt. Det er verdt å hugse no, berre ei knapp veke etter at forsvarsministeren gav ei orsaking til samar som losa folk i nød til Sverige.

I Dagsrevyen vart det sagt om Ulstein at han skreiv «fleire bøker om krigen». Det er ikkje å overdrive: På 60-talet kom Englandsfarten (i to band), på 70-talet Svensketrafikken (i tre), og frå 1989 til 1992 kom tre band om etterretningstenesta under krigen. I tillegg skreiv han fleire andre bøker. I 1999 skreiv han Lagunen og stormen, om heimbygda Ulsteinvik i krigsåra. Språket i bøkene hans var levande og engasjerande.

Dei tre bandsterke storverka var alle baserte på intervju med aktørane. I løpet av tre tiår gjorde Ulstein over tusen intervju. Han var landet rundt med bandopptakaren. Intervjua vart transkriberte og er no oppbevarte hjå Noregs heimefrontsmuseum. Ulstein hadde stor respekt for dei han intervjua; det var folk som hadde ofra mykje og opplevd mykje vondt. Medkjensla til historikaren er tydeleg i materialet og endå meir om ein tek seg tid til å lytte på lydbanda. I eit av desse intervjua seier ein lastebilsjåfør: «Jeg er født aggressiv.» «Det er eg òg», svarar Ulstein roleg. Den stridbare mannen kunne vere vanskeleg å sjå for oss som møtte han seint i livet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement