Ragnar Ulstein (1920–2019)
Ragnar Ulstein tek imot Forsvarets heiderskross i samband med markeringa av frigjeringsjubileet og Forsvarets veterandag på Akershus festning 8. mai 2015.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Historikar Ragnar Ulstein er død, 99 år gamal. Heilt til det siste var han aktivt skrivande. Då ein av dei underteiknande gjesta han i Ålesund i februar i år, skreiv han på ein roman.
Ragnar Ulstein var soldat i verdskrigen. Sumaren 1941, berre 21 år gamal, reiste han frå Sunnmøre til Shetland med ei fiskeskøyte saman med seksten andre unge rømlingar (den yngste berre 17 år). Åtte dagar tok flukta over havet. Då dei gjekk i land, hadde Tyskland gått til angrep på Sovjetunionen. Hausten 1944 vart han som 24 år gamal Linge-soldat leiar for heimestyrkane i Sogn.
Verksemda som historikar tok til sumaren 1945. Nokon måtte skrive historia om kompani Linge, og på eit møte med veteranane i Oslo hadde nokon peikt på han, fortalde han til biografen Gunnar Myklebust. Planen hadde vore å bli student og lesa historie og språk. Slik vart det ikkje: Saman med to andre veteranar byrja han å setje saman historia om dei norske sabotørane i Special Operations Executive. Boka kom i to band i 1948. Inntektene frå boka gjekk til eit fond for etterlatne etter falne kameratar.
Etter kvart vart han journalist. Fyrst som redaktør for Fjordabladet på Nordfjordeid, så som redaktør for Filmavisa og seinare som journalist og leiarskribent i Bergens Tidende. Ei av sakene han brann for, var krigsinvalidane. Med base i Bergen gjekk han til felts mot det han og mange andre meinte var altfor stramme reglar for å få krigspensjon. Mange veteranar – både sjøfolk, folk som hadde vore i tysk fangenskap, og dei som hadde slåst i motstandsrørsla – sleit med nervane. Seinare var det grenselosane han gjekk i bresjen for. Om samane gjekk det rykte om at dei hadde utnytta folk på flukt. Ulstein lét seg ikkje rive med; han omtalte det illegale arbeidet til samiske grenselosar med respekt. Det er verdt å hugse no, berre ei knapp veke etter at forsvarsministeren gav ei orsaking til samar som losa folk i nød til Sverige.
I Dagsrevyen vart det sagt om Ulstein at han skreiv «fleire bøker om krigen». Det er ikkje å overdrive: På 60-talet kom Englandsfarten (i to band), på 70-talet Svensketrafikken (i tre), og frå 1989 til 1992 kom tre band om etterretningstenesta under krigen. I tillegg skreiv han fleire andre bøker. I 1999 skreiv han Lagunen og stormen, om heimbygda Ulsteinvik i krigsåra. Språket i bøkene hans var levande og engasjerande.
Dei tre bandsterke storverka var alle baserte på intervju med aktørane. I løpet av tre tiår gjorde Ulstein over tusen intervju. Han var landet rundt med bandopptakaren. Intervjua vart transkriberte og er no oppbevarte hjå Noregs heimefrontsmuseum. Ulstein hadde stor respekt for dei han intervjua; det var folk som hadde ofra mykje og opplevd mykje vondt. Medkjensla til historikaren er tydeleg i materialet og endå meir om ein tek seg tid til å lytte på lydbanda. I eit av desse intervjua seier ein lastebilsjåfør: «Jeg er født aggressiv.» «Det er eg òg», svarar Ulstein roleg. Den stridbare mannen kunne vere vanskeleg å sjå for oss som møtte han seint i livet.
Han skreiv ofte om menneska «som lauv i stormen». Stormen var storkrigen frå 1940–1945, den krigen som ingen kunne kome gjennom utan sår på kropp og sjel. I 1995 gav han ut Jødar på flukt. Det var ikkje noko han var meir oppteken av enn lagnaden til jødane under nazismen.
Enkelte av oss historikarar hadde ein tendens til å nedvurdere Ulstein. Han var ikkje ein del av «lauget» – var ikkje utdanna. Men gjekk ein verkeleg inn i arbeidet hans, auka respekten. Han skreiv om vanlege folk som av ein eller annan grunn valde å engasjere seg i kampen mot nazismen. Han skilde ofte i private samtalar mellom sin eigen innsats og dei som kjempa illegalt heime i Noreg gjennom krigen. For dei hadde han enorm respekt: «Dei braut ut, ville ikkje berre vere hjul i nazimaskineriet», som han skreiv i forordet til Jødar på flukt.
Det var slike menneske Ulstein var oppteken av – dei som braut ut frå mengda og gjorde motstand. Utan Ulstein ville mange av dei aldri ha fortalt historia si. Hans gjerning som historikar vil leve vidare og gje inspirasjon til andre.
Bjarte Bruland
statsstipendiat
Mats Tangestuen
fagleg leiar Jødisk Museum i Oslo
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Guds vreide over Columbia
Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.
Elin Eika Bringa debuterer som romanforfattar.
Foto: Christopher Helberg / Bonnier Forlag
Utan eit eige rom
Elin Eika Bringa skriv seg inn i dei siste dagane i eit liv i romanen Snart er eg natt.