Prøverom

Eg står i eit prøverom saman med bukser og genserar i forskjellige storleikar. Sjølv om eg ikkje ville ha hjelp, takka eg ja.

Publisert Sist oppdatert

Eg treng ikkje ny bukse. Ingen andre klede heller. Men nokon andre meiner det motsette, og no er eg i ein klesbutikk. Eg står i eit prøverom saman med bukser og genserar i forskjellige storleikar. Sjølv om eg ikkje ville ha hjelp, takka eg ja.

Forhenget stoppar eit godt stykke frå golvet, og det kjennest som om folk kan sjå rett inn. Kven som helst kan berre bøye seg litt ned og fylgje med på fotarbeidet mitt. Eg skundar meg av med den gamle buksa og trør inn i ei ny som med det same kjennest litt stiv ut. Det var ein tabbe å kome hit åleine, eg burde hatt med nokon eg stolar på. Dama som jobbar her, vil selje meg kva som helst, det er eg sikker på. Kvar dag ser eg folk som går i klede som ikkje passar.

– Korleis går det der inne?

– Det går bra, seier eg og dreg forhenget til sides.

Dama kikkar på meg.

– Du ser fin ut i den buksa, seier ho.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement