JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Prøverom

Eg står i eit prøverom saman med bukser og genserar i forskjellige storleikar. Sjølv om eg ikkje ville ha hjelp, takka eg ja.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3021
20231110
3021
20231110

Eg treng ikkje ny bukse. Ingen andre klede heller. Men nokon andre meiner det motsette, og no er eg i ein klesbutikk. Eg står i eit prøverom saman med bukser og genserar i forskjellige storleikar. Sjølv om eg ikkje ville ha hjelp, takka eg ja.

Forhenget stoppar eit godt stykke frå golvet, og det kjennest som om folk kan sjå rett inn. Kven som helst kan berre bøye seg litt ned og fylgje med på fotarbeidet mitt. Eg skundar meg av med den gamle buksa og trør inn i ei ny som med det same kjennest litt stiv ut. Det var ein tabbe å kome hit åleine, eg burde hatt med nokon eg stolar på. Dama som jobbar her, vil selje meg kva som helst, det er eg sikker på. Kvar dag ser eg folk som går i klede som ikkje passar.

– Korleis går det der inne?

– Det går bra, seier eg og dreg forhenget til sides.

Dama kikkar på meg.

– Du ser fin ut i den buksa, seier ho.

Eg stolar ikkje sånn utan vidare på det ho seier. Men det er alltid kjekt å høyre slikt om seg sjølv.

– Ho er ikkje for stor, spør eg.

– Nei, du kan ikkje ha noko mindre.

Eg snur meg, og då seier ho at eg ikkje kan ha ei som er større heller.

Eg signaliserer at eg vil vere litt åleine, går inn att i prøverommet og blir ståande og kikke på meg sjølv i spegelen. Eg høyrer stemmer: «Kan du ikkje kjøpe deg noko nytt? Det er meiningslaust å kjøpe noko du ikkje kjem til å gå i. Det er berre du som kan kjenne om buksa sit som ho skal. Hugs at du ikkje er nokon ungdom lenger!»

Buksa kjennest ikkje så verst, men eg er usikker. Dei lange beina kan brettast opp litt. Men eg har jo andre storleikar eg kan prøve, og to–tre forskjellige genserar.

Det er nokon stive prisar. Hadde det vore til dømes 70 prosent avslag, kunne eg kjøpt kleda utan å prøve dei, berre fordi det var så billig. Eg trør inn i ei anna bukse, men blir ikkje klokare. Dama som hjelpte meg, har forsvunne, og eg tek på meg ein genser som er så stram i halsen at eg held på å bli kvelt. Ein annan er altfor vid og har digre flaggermusermar. Det er umogleg å bestemma seg. Alt låg fint bretta då eg tok det med inn i prøverommet. No er det berre rot, og eg har ikkje peiling på korleis det skal leggjast saman.

Finn du ut av det, spør dama, som plutseleg er tilbake.

Eg må tenkje litt på det, svarar eg. Og ho gjev uttrykk for at det er heilt uproblematisk.

No veit begge at det ikkje kjem til å bli nokon handel denne gongen. Ingen seier noko meir. Eg slepp å komme heim med klede i feil farge som gjer meg blassare, eller noko som skal vise seg å ikkje passe likevel, eller vere altfor varmt å gå i. Alt fell på plass igjen når eg tek på meg den gamle buksa, ho sit som eit skot og kjem til å vare i mange år til.

Sjølv om eg ikkje hugsar nøyaktig kor alt låg, klarar eg etter kvart å bli kvitt alle kleda eg hadde med inn i prøverommet. Før eg forlèt butikken, tek eg ein ekstra runde og latar som eg kikkar litt til, berre for å vere grei.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis