JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Privat veg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2981
20231020
2981
20231020

Graset som veks midt i vegen, skrapar i botnpanna. Av og til er det ein stein som slår i, men det går akkurat, og bilen er ikkje ny lenger, så det er ikkje så farleg. Me køyrer innover på den private vegen. Torstein har dei rette forbindelsane, så han fekk tak i nøkkel til bommen. Bommen stod open, men hadde me køyrt inn utan nøkkel, kunne me ha risikert at bommen var nede når me skulle heim att, og då ville me ha blitt verande her.

Styresmaktene har ikkje noko ansvar for å vedlikehalde private vegar. Torstein fortel at dei er fleire som deler på ansvaret. For meg ser det ikkje ut som om samarbeidet går særleg godt. Mykje av grusen er vaska bort, vegen held på å rase ut fleire stader og er smal med djupe hol. Eg køyrer seint og svingar frå side til side for å prøve å unngå dei største steinane og hola.

Eg kjenner meg att, for eg har vore her før, til fots. For mange år sidan. Det kjendest som om eg gjorde noko ulovleg. Eg venta berre på at det skulle stå ein sint bonde rundt neste sving og sperre vegen, klar til å skjelle meg ut. Men eg var villig til å ta sjansen, for det gjekk rykte om at det fanst fleire vatn med stor aure i desse traktene. Eg fylgde berre vegen innover i ein del av kommunen som var ukjend for meg.

No ville eg finne att desse vatna og vise dei til Torstein. Me passerer eit hus, og i tunet står to personar bøygde over ein haug med ved. Dei rettar seg opp når Torstein og eg kjem køyrande. Kven er det som kjem køyrande på vegen vår, tenkjer dei nok. Dei vil ikkje ha framandfolk køyrande på vegen sin. Sjølv om det ikkje er så mykje dei bruker han, er det deira veg. Torstein helsar, men dei helsar ikkje tilbake. Står berre og glanar. Me køyrer berre forbi, dei kjenner ikkje bilen og ser heller ikkje føre seg at det er Torstein som kjem køyrande i ein slik bil.

Me skal eit godt stykke inn på vegen, så me sparar mykje tid på å køyre.

Då eg gjekk til fots, brukte eg mange timar og trefte ikkje eit einaste menneske. Etter kvart tenkte eg ikkje på at det var ein privat veg. Uansett er det vel helst bilane dei ikkje vil ha køyrande på desse private vegane. Eg veit ikkje korleis det er med sykling. Men om eg skal gjette, vil dei nok helst ikkje ha sykling heller. Det beste er nok om andre folk berre held seg langt vekke.

Kvifor vil dei ikkje dele vegane sine med andre? Kva er det eigarane er så redde for? Fryktar dei at vegen skal bli oppbrukt og til slutt forsvinne?

Verken Torstein eller eg anar kor vegen stoppar eller kva som finst der. Kanskje ligg det ei lita hytte ved enden av eit stort vatn som ikkje blir brukt så mykje som eigarane hadde sett føre seg? Kanskje er det fleire fastbuande. Det kan òg vere ingenting eller berre ei fylling. Ein kan ikkje rekne med noko som helst. Kvar gong eg ser eit skilt med «privat veg», tek eg det som eit teikn på at ikkje alt er som det burde vere.

Torstein og eg set frå oss bilen i vegkanten og går inn ein liten dal med kvar vår sekk og fiskestong.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis