Piggsvin

Piggsvin kan snorke, har eg høyrt, så då har me noko til felles.

Publisert Sist oppdatert

Eg såg deg berre den eine gongen. Du hadde sikkert nett vakna og var klar for kvelden og natta. Truleg hadde eg gløymt å hente posten tidlegare på dagen og var på veg mot postkassestativet då eg såg noko som rørte seg. Eg forstod ikkje med ein gong at du var eit piggsvin. Begge stoppa, og du bøygde hovudet inn mot halen og drog huda med piggane ned på alle kantar, slik at dei stod rett ut.

Eg prøvde å stå så stille eg kunne, og etter ei stund kom det fram ein liten snute. Du kikka rundt deg og tenkte vel at det ikkje var noko farleg likevel. Med små skritt tassa du vidare forbi postkassane og inn mellom to av plankane i gjerdet rundt hagen til naboen. Eg og kjærasten hadde nett flytta hit, og no har me budd her i over 20 år. Ikkje veit eg, kanskje heldt du til i hagen til naboen, saman med resten av familien, utan at me fekk det med oss.

Piggsvin kan snorke, har eg høyrt, så då har me noko til felles. Eg skal jammen ta meg ein tur bort til postkassane ein av dei fyrste dagane og lytte etter piggsvinsnorking. Det kan jo vere at nokre slektningar av deg bur der enno, sjølv om du reiste for lenge sidan.

I sommar trefte eg eit piggsvin i ein bakgard i Oslo. Det låg heilt stille inntil ein vegg som sola var i ferd med å forlate. Ein mann fortalde at kvar einaste dag tok piggsvinet turen heilt bort til andre enden av bakgarden for å gå på do. Det skulle eg likt å sjå, men piggsvinet låg berre i ro, og for meg som ikkje hadde sett eit piggsvin på mange år, var det ikkje godt å seie om det var levande eller dødt. Det var i alle fall ingenting som tydde på at det snart måtte på do.

Graset er framleis grønt her og der, men det har byrja å dukke opp litt andre fargar. Hausten har kome, og snart visnar alt. Hagen og plenen blir livlaus, og hadde eg ikkje visst betre, ville ingenting fått meg til å tru at det nokon gong kunne spire og gro igjen her.

Eg skulle ynskje at det budde eit piggsvin i hagen vår, gjerne fleire. Dei kunne liggje i dvale på ein trygg stad no, og samle krefter og vente på betre tider.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement