JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Picasso døydde her» er tittelen på kunstverket til Eugenio Merino.

Foto: Jon Nazca / Reuters / NTB scanpix

2447
20170512
2447
20170512

Picasso mot masseturisme

Ein hyperrealistisk skulptur av Picasso vert vist på eit galleri i fødebyen til kunstnaren, Málaga i Spania. Det er den kjende spanske skulptøren Eugenio Merino, som er kjend for å lage modellar av avlidne historiske figurar, som har laga kunstverket. Den hyperrealistisk modellen samsvarer med høgda til kunstnaren og har ekte menneskehår på hovudet, ja, liketil i nasen. Merino seier at han med utstillinga, som er forma som ein suvenirbutikk, vil protestere mot masseturismen i Málaga. Picasso hadde sjølv eit merkeleg tilhøve til heimbyen: Han forlét byen då han var ti år og kom aldri attende.

Inga sak mot Stephen Fry

Den kjende britiske skodespelaren Stephen Fry har vore under etterforsking for blasfemi. Det byrja med eit intervju i programmet The Meaning of Life i 2015 som den irske fjernsynskanalen RTE sende. I intervjuet får Fry spørsmål om kva han vil seia til Gud om han råkar på han når han døyr. Fry, som er kjend som ateist og som opptrer på det populærvitskapelege BBC-programmet QI, la ingenting mellom. Fyrst reagerer han på spørsmålet, så kjem det: «Guden som skapte dette universet, om det vart skapt av ein Gud, er openbert ein galning, ein komplett galning, fullstendig egoistisk.»

Klippet er òg vorte vist på YouTube, der det har hatt over sju millionar visningar. Ein ire som såg klippet, reagerte på utsegna og saksøkte Fry. Det var lenge usikkert om det ville verte sak, fordi denne mannen sjølv ikkje var part i saka. Han meiner sjølv at han gjorde si medborgarplikt ved å melde Fry til politiet. Politiet tok likevel søksmålet alvorleg. Men no, etter to år, har politiet kome til ny konklusjon: Dei droppar saka.

Rekord på Twitter

Ein tenåring har sett ein twitterrekord som no hamnar i Guinness’ rekordbok: 16 år gamle Carter Wilkerson sende ei twittermelding til hurtigmatkjeda Wendys, der han bad Wendys om gratis mat. Meldinga er vorten delt 3,4 millionar gonger sidan byrjinga av april. Dermed er meldinga hans den mest delte på tenesta nokosinne, heiter det hjå Guinness’ rekordbok.

Nynorskpris til journalistar

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar går i år til Guri Kulås og Jens Kihl i Klassekampen. Dei deler ein pris på 50.000 kroner. Prisen blir overrekt fredag 30. juni under Dei nynorske festspela i Ørsta. Føremålet med denne prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk.

ronny@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

EssayFeature

Sluttoppgjer

Nokre tal får me tildelte så snart Skatteetaten har motteke fødselsmeldinga. Andre vert plukka opp undervegs i livet, eller avslørte når det nærmar seg slutten.

IvarDale

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis