Peter Hognestad:Kva ville han med livet?Peter Hansson Hognestad (1866–1931) var bondeson frå Time på Jæren. Med teologisk embetseksamen vart han ungdomsarbeidar i Stavanger, lærarutdannar på Notodden, bygdeungdomsprest i Kristiania, lærar ved Menighetsfaku
Portrettfoto av Peter Hognestad av ukjend fotograf.
Peter Hansson Hognestad (1866–1931) var bondeson frå Time på Jæren. Med teologisk embetseksamen vart han ungdomsarbeidar i Stavanger, lærarutdannar på Notodden, bygdeungdomsprest i Kristiania, lærar ved Menighetsfakultetet og biskop i Bjørgvin. Hognestad var krumtapp i arbeidet med den fyrste heile Bibelen på nynorsk, han gjendikta songar som «Fager kveldsol» og «Det hev ei rosa sprunge», og saman med Anders Hovden og Bernt Støylen laga han Nynorsk Salmebok.
Den viktigaste boka hans.
Peter Hognestad sette om liturgien og gudstenestetekstene i 1900, og i samråd med fleire forbetra han manuset fram til offentleg godkjenning i 1907. Utgjevinga vart Tekstbok og Altarbok for den norske kyrkja (1908). Med dette smålåtne prentet (472 sider i format 8 x 12 cm) kunne kyrkjelydar over heile landet ta nynorsken i bruk som gudstenestespråk.
Kva meinte han om samtida?
Frå studietida i 1880-åra var Peter Hognestad oppglødd av Christopher Bruuns Folkelige Grundtanker. Som familien på Jæren var han Venstre-mann med godhug for folkeopplysning, målreising, fråhaldssak og nasjonal fridom. I 1905 argumenterte han sterkt for kongedøme framfor republikk. Etter verdskrigen synte Hognestad sterkt engasjement i internasjonalt fredsarbeid og samvirke mellom kyrkjesamfunna.
Kva innverknad hadde han på ettertida?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.