– Patetisk ambisjonsnivåDet er Peter Butenschøns reaksjon på prosessen i Brønnøysund. Peter Butenschøn er ein autoritet i norsk stadutvikling. Han er arkitekt og tidlegare direktør for Norsk Form. Sidan 2008 har han hatt praksis som frittståande rådgjevar
Peter Butenschøn meiner Monica Mæland har eit patetisk ambisjonsnivå.
Forlaget Press
Det er Peter Butenschøns reaksjon på prosessen i Brønnøysund. Peter Butenschøn er ein autoritet i norsk stadutvikling. Han er arkitekt og tidlegare direktør for Norsk Form. Sidan 2008 har han hatt praksis som frittståande rådgjevar i arkitektur og byplanlegging; mellom anna fungerer han som rådgjevar for Hamar kommune i arbeidet med ny jarnbanetrasé gjennom byen.
Avgjerda til næringsminister Monica Mæland er uforståeleg for Butenschøn.
– Brønnøysundregistra er ein nasjonal institusjon. Bygningar som rommar slike viktige institusjonar, skal spegle kvaliteten og ambisjonsnivået av arbeidet som blir gjort der. Det er særleg viktig for små stader som Brønnøysund, der det berre finst éi statleg verksemd. Når næringsministeren set ut oppdraget til private, vitnar det om eit patetisk ambisjonsnivå. Ho nedvurderer det viktige arbeidet i Brønnøysundregistra til eit andletslaust byråkrati.
– Men blir det ikkje billigare å la private aktørar utføre jobben?
– Eg er viss på at Ratio arkitekter, i samarbeid med Statsbygg, kunne funne ei løysing med å nedjustere kvadratramma for å få det billigare. Løysinga i dag, med å setja bygginga ut på den private marknaden, vil på ingen måte gjera det billigare. Saka har jo alt bore gale av stad ved at tilbydarane ikkje viser fram skissene sine. Ein slik prosess skal alltid vera open.
Næringsminister Monica Mæland er ikkje samd med Butenschøn, og kjem med fylgjande kommentar:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.