JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

På sporet av spelekvinna

Nokre enkle spørsmål fekk Benedicte Maurseth til å grave fram den ukjende historia om norske spelekvinner.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Folkemusikar Benedicte Maurseth skriv norske spelekvinner inn i norsk folkemusikkhistorie med boka om spelet som var og spelet som vart borte.

Folkemusikar Benedicte Maurseth skriv norske spelekvinner inn i norsk folkemusikkhistorie med boka om spelet som var og spelet som vart borte.

Foto: Silje Katrine Robinson

Folkemusikar Benedicte Maurseth skriv norske spelekvinner inn i norsk folkemusikkhistorie med boka om spelet som var og spelet som vart borte.

Folkemusikar Benedicte Maurseth skriv norske spelekvinner inn i norsk folkemusikkhistorie med boka om spelet som var og spelet som vart borte.

Foto: Silje Katrine Robinson

9024
20221118

Bakgrunn

Benedicte Maurseth

Fødd 1983 i Eidfjord i Vestland

Folkemusikar, felespelar, komponist og forfattar

Aktuell med albumet Harr og boka Systerspel. Om spelet som var, og spelet som vart borte (Fagbokforlaget)

9024
20221118

Bakgrunn

Benedicte Maurseth

Fødd 1983 i Eidfjord i Vestland

Folkemusikar, felespelar, komponist og forfattar

Aktuell med albumet Harr og boka Systerspel. Om spelet som var, og spelet som vart borte (Fagbokforlaget)

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Musikk

christiane@dagogtid.no

– Kvifor refererer du berre til menn?

Det var Dag og Tid-redaktør Svein Gjerdåker som spurde, og folkemusikar Benedicte Maurseth som måtte svare. Ho skreiv om folkemusikk her i avisa og spurde eplekjekt tilbake:

– Kven skal eg referere til, då? Unntatt Annbjørg Lien, Kristiane Lund og nokre få andre?

Svar hadde ingen av dei, men spørsmåla slutta ikkje å kverne i hovudet på Maurseth. Kunne ho verkeleg ha rett i at det ikkje fanst fleire spelekvinner bakover i den rike norske folkemusikkhistoria?

Spørsmåla vart starten på eit graveprosjekt der Maurseth saumfór bygdebøker, kyrkjebøker og historielagsblad. Ho oppsøkte museum, tomme felekasser, og spurde ut folkemusikarar og lokalhistorikarar om kva dei visste om kvinner med feler. Alt for å få svar på spørsmålet: Fanst det spelekvinner der ute, kvinner som meistra fela like godt som dei meir kjende spelemennene opp gjennom historia, og som rett og slett hadde vorte gløymde?

Gløymsel og fordom

Resultatet av fleire år med graving finn vi no i boka Systerspel. Om spelet som var, og spelet som vart borte, som fortel historia om norske spelekvinner frå 1700-talet og fram til i dag. Eg spør Maurseth kva som har overraska henne mest i arbeidet med boka.

– Det må vere omfanget av spelekvinner tilbake i tid, seier ho.

–?Eg er sikker på at det finst endå fleire spelekvinner om ein forskar vidare – noko eg håper boka mi vil føre til. Eg kan berre tenkje meg kor mange som har vorte gløymde.

Ein annan ting som har overraska Maurseth, er det manglande medvitet kring dei kvinnelege felespelarane vi har og har hatt, både blant kvinner og menn. Medan mannlege spelarar har vore hugsa på og nemnde, har kvinner vorte gløymde. Ei utfordring i arbeidet har dermed vore å få folk til å komme på dei spelekvinnene dei faktisk veit om.

– Sjølv folk som har hatt kvinnelege læremeistrar, har gløymt dei, og det er jo litt spesielt, seier Maurseth.

Ein tredje ting som har overraska henne, er fordommane mot spelekvinner i nyare tid. Annbjørg Lien vart til dømes spurd om ho ville ha selt like mange plater om ho ikkje var så pen, i eit intervju i Dagbladet i år 2000.

– Eg har fått bakoversveis av å lese korleis spelekvinner vart omtala i media i 1990- og 2000-åra. Det har openbert vore føringar på korleis ein spelemann skal vere. Det har ikkje vore like lett for alle å bryte med det biletet.

Felespelarane Signe Flatin Neset og Torbjørg Aas Gravalid (1916–2008) frå Kviteseid skilde seg ut då dei turnerte saman i 1930- og 1940-åra.

Felespelarane Signe Flatin Neset og Torbjørg Aas Gravalid (1916–2008) frå Kviteseid skilde seg ut då dei turnerte saman i 1930- og 1940-åra.

Bilete frå boka

Spelte til dans

Boka Systerspel kan lære oss mykje, både om folkemusikk og om skiftande kjønnsroller. Som at spelekvinner var meir likestilte med spelemenn i 1750-åra enn i 1950-åra. I ei tid då felespel var ein viktig del av bygdelivet – ikkje minst ved bryllaup, seremoniar og tilstellingar – ser spelekvinner ut til å ha hatt eit stort spelerom.

Maurseth meiner den rolla mange kvinner hadde som sjølvstendige bondekvinner, særleg på Vestlandet, langs kysten og nord i den samiske befolkninga, var ein føresetnad for det sjølvstendet dei også hadde som spelekvinner.

Eit talande døme er bryllaups- og dansespelaren Kristi Gabrielsdotter frå Husevåg i Nordfjord, som bar kallenamnet «Kristi på stia». Denne spelekvinna hadde ikkje bein å gå på, men må ha vore ein meister med felebogen. For kjeldene seier at ho vart boren i ei berestol eller korg når folk ville høyre spelet hennar.

Instrumentet hennar finst i dag på Nordfjord Folkemuseum på Sandane og er den eldste hardingfela ein veit at ei spelekvinne nytta.

Fram til 1860 finst det historier om respekterte spelekvinner som kunne reise ut på oppdrag og truleg tene pengar på spelet sitt. Men så skjedde det noko. I perioden 1860–1960 vart spelekvinnene borte.

Ein ny moral

– Kva veit du om grunnane?

– Vi veit at vekkingskristendommen fekk enorme følgjer for spelemenn og -kvinner, men spesielt for kvinner. Å spele fele vart tabu. På same tid vart strukturen i bondesamfunnet og posisjonen bondekvinnene hadde, sakte, men sikkert endra. Bondekvinnene mista rolla si som ein viktig arbeidsleiar på garden. Også folkemusikken gjekk gjennom eit hamskifte i denne perioden. Parallelt med industrialiseringa gjekk folkemusikk over til å vere noko ein først og fremst opplevde på konsert eller kappleikscene. For spelarane kravde det ein heilt annan mobilitet enn å spele lokalt. Ein måtte reise til byar i heile landet. Her dominerer menn tradisjonen.

Men sjølv i den mest mannsdominerte tida, finn vi unntak, som Kristiane Lund frå Bø, som var aktiv folkemusikar og spelar frå tidleg på 1900-talet fram til ho døydde i 1976.

Mannsinstrument

Det vekslande synet på både felespel og kvinner gjorde at fela lenge vart sett på som eit mannsinstrument. Først i 1970-åra endrar biletet seg att, og kvinner byrjar å spele fele med like stor sjølvfølgje som menn. Etter kvart vert også spelekvinner kjende i ålmenta, gjennom utøvarar som til dømes Susanne Lundeng, Honndalstausene og Annbjørg Lien.

Maurseth hugsar godt kor viktig det var for henne å sjå Annbjørg Lien og andre kvinner handtere fela på ein måte ho kunne kjenne seg att i.

– Eg hadde ein mannleg læremeister i Knut Hamre og har lært direkte frå menn nesten heile livet. Men eg hugsar at det var enormt viktig for meg å sjå Annbjørg Lien eller Susanne Lundeng spele fele. Dei hadde ein annan framtoning, kledde seg annleis og endra det biletet eg hadde av felespel. Verdien av å ha rollemodellar bør ikkje nedvurderast – det er viktig. Og dei rollemodellane trur eg dei eldste spelekvinnene i større grad kunne ta for gjeve. Dei hadde bestemødrer, systrer og nabokvinner kring seg som spelte. Det var nok ikkje så nytt og annleis for dei som det var for meg i 1990- og 2000-åra

Signe Flatin Neset (1912–1975) frå Ramberg i Seljord, var musikar heile livet. Her speler ho for venninner.

Signe Flatin Neset (1912–1975) frå Ramberg i Seljord, var musikar heile livet. Her speler ho for venninner.

Bilete frå boka

Kulturskulebarn

Maurseth er eit barn av kulturskulen, som gjorde at felespel frå 1970-åra av vart tilgjengeleg for nye generasjonar spelarar, også dei som ikkje kom frå familiar eller bygder med folkemusikarar. Sjølv byrja ho å spele tidleg i 1990-åra og trur ikkje at ho nokon gong ville ha plukka opp ei fele om det ikkje var for kulturskulen.

– For meg var det tilfeldig at eg valde hardingfele, for eg hadde ikkje foreldre som var interesserte i folkemusikk. Dei ville ikkje ha køyrt meg til ein meister ein eller annan stad i Hardanger for at eg skulle lære. Det er enormt viktig for likestillinga at terskelen for å få tilgang til faget er borte, seier ho.

Maurseth opplever at folkemusikken i Noreg lenge har vore i sterk medvind og vorte ein sjanger som er integrert på alle slags scener og i alle slags kunstuttrykk.

– Det har vorte mogleg å leve av faget igjen, noko som ikkje var lett i 1950- og 1960-åra. At folkemusikken også har vorte synleg gjennom fjernsynsskjermen, har nok også gjort mykje for rekrutteringa, også blant kvinner, seier ho.

Maurseth er i dag både spelekvinne, komponist og formidlar av folkemusikktradisjonen. Det nyaste albumet hennar, Harr, kom så seint som i februar, og fekk lovord ikkje berre i Aftenposten og Dag og Tid, men også i BBCs musikkmagasin. Under Bylarm-festivalen i september vart ho tildelt Nordic Music Prize.

Elen Feragen (1901–1990) var ein felespelar frå Feragen i Røros. Ved enkelte høve var ho hyra inn til å spele for reisande som kom med toget til Røros.

Elen Feragen (1901–1990) var ein felespelar frå Feragen i Røros. Ved enkelte høve var ho hyra inn til å spele for reisande som kom med toget til Røros.

Bilete frå boka.

Stort prosjekt

Systerspelprosjektet har vakse ut av boksidene og vorte til ei museumsutstilling og konsertoppvising, tinga av og urframført på Osa-festivalen på Voss i oktober. Maurseth har dessutan sett saman eit album der ein kan høyre mange av spelekvinnene som har fått plass i boka, spele.

Maurseth kan fortelje at albumet er meint som ein oppfølgjar og eit spark til samlealbumet Meisterspel, som kom ut på Grappa Musikkforlag i 1997. CD-utgjevinga høyrde til boka Hardingfela og hadde med 23 slåttespel framført av like mange hardingfelespelarar – alle menn.

– Dette seier litt om medvitet kring kjønn. Det er som historikaren Anna Tranberg seier: «Når vi får tanke for kvinnen, vil vi også få ord for henne.» Det var ikkje nok tanke kring kvinner når dei kunne setje saman eit slikt album med berre menn i 1997. Det var mange solide utøvarar dei kunne plukka ut. Alt i 1919 kunne dei ha plukka ut Kristiane Lund. Så no hadde eg eit godt høve til å samle eit album med spelekvinner, seier Maurseth.

– Korleis er det å vere spelekvinne i dag?

–?Det er skummelt å svare for fleire enn meg sjølv, men eg trur aldri ting har lege betre til rette enn i dag. Du må kanskje tilbake til 1750 for å finne ein like likestilt periode. Eg kryssa tilfeldig av for at eg ville spele fele, eg fekk lære av dei beste og har teke høgare utdanning. Eg lever i eit land der ein kan få stipend og har høve til å dyrke faget. Det er eit større medvit om å inkludere kvinner blant arrangørar. Eg trur sjansane er enorme for dei som har energien og talentet som skal til. Samtidig var det ein grunn til at det kom eit metoo-opprør i 2020. Ting er ikkje roseraude. Ein vert ikkje kvitt kjønnsfordommar på eit blunk.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt
Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt
Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh
Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis