Diktet
Overskotsprega
Tekstene til Jorunn Aanderaa har ei kraft i seg som kjem til uttrykk i gledesutbrot, ironi og ein liksom naiv humor.
Foto: Aschehoug
I mai døydde den norske poeten Jorunn Aanderaa, 90 år gammal. Ho debuterte i 1966, det året ho fylte 32, med den radikalt moderne diktsamlinga Hansen på jorden. Et symfonisk dikt. Boka er på same tid eit langdikt, der dikta utfyller kvarandre i eit viltert narrativ, og eit tidleg uttrykk for norsk konkret poesi, med grafiske oppsett og teikningar seintralt i teksta.
Seinare gav Aanderaa ut Tidssignalet (1967), ein miniroman, og Til (1969), ei tekstsamling, der dagens dikt er henta frå. I tillegg finst utgivinga Rat-a-tat-tat! (2012), der eit par nyskrivne dikt er sette saman med eit utval tekster frå dei eldre bøkene.
Gjennomgåande for forfattarskapen til Aanderaa er at han er så overskotsprega. Tekstene hennar har ei kraft i seg som kjem til uttrykk i gledesutbrot, ironi og ein liksom naiv humor. Det er risikable valørar i litteraturen, gleda og naiviteten, særleg for kvinner – ikkje minst på 60-talet! Ein kan lett sjå for seg kor mange som misforstod eit dikt som «Til overs» i 1969. Som Eldrid Lunden viser i etterordet til Rat-a-tat-tat!, er Aanderaa så å seie utskriven av litteraturhistoria, sjølv om ho vekte stor oppsikt i samtida.
I alle dei tre 60-talsutgivingane utfordrar Aanderaa både sjangrane og sjølve bokformatet, og ho tøysar med (altså utforskar) måten språket er bygd opp og brukt på. I Til finst dikt som følgjer draumelogikk, og dikt ein kan kalle økokritiske.
Som «Til overs», der den elendige ideen om å dumpe søppel på månen blir fletta saman med poetens leik med tittelordet «til». I år vart månen oppført på ei liste over trua kulturarv på grunn av forsøpling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.