Organistkjærast

Frank Tønnesen skriv om hendingar og tankar som fell han inn.

Publisert

Berre nokre månader etter at Marit forelska seg i Geir, budde dei under same tak. Han var organist, og i byrjinga blei ho med i kyrkja kvar sundag og sat ved sida av orgelet medan han spelte. Geir kunne fleire av salmane utanåt og kikka ofte bort på Marit i staden for på notane. Når han ikkje spelte i kyrkja, blei det mykje øving, og utanom det gjorde han ikkje så mykje anna eigentleg.

Marit syntest det var godt at Geir spelte orgel og piano og ikkje gitar. Ho hadde ikkje orka å høyre på gitarklimpring heile dagane. Og det er ikkje mykje appetittleg med desse lange neglene somme gitaristar går rundt med.

Sjølv om Marit hadde bil, ville Geir helst sykle, det var han van med å gjere før han trefte Marit. Han sykla visst overalt, ifølgje han sjølv, til kyrkja og butikken og til hemmelege stader.

Marit køyrde til kyrkja, mens Geir heiv seg på sykkelen, som regel kom ho fyrst fram og gjekk inn og sette seg ved orgelet og venta. Fleire gonger trudde ho at noko hadde hendt, for han kom ikkje. Men på magisk vis dukka Geir alltid opp. Rett før musikken skulle byrje, sat han klar på krakken.

Geir hadde budd det meste av sitt vaksne liv åleine og var nokre år eldre enn Marit. Men det var mykje han ikkje hadde teke seg bryet med å finne ut av. Komfyren var ein av dei tinga. Det gjekk i nudlar og alle slags ferdigprodukt som kunne varmast i mikroen. Marit viste han korleis knappane på komfyren skulle brukast, og gav han grytevottar til bursdagen. Det hjelpte ikkje, frykta for å skade spelefingrane var for stor. Han kunne heller ikkje bruke noko slags verktøy, så Marit måtte gjere alt mogleg som Geir ikkje kunne gjere.

Då sykkelen punkterte og Marit sa at ho kunne fikse det, sperra han opp auga. Ho sette i gang, mens han sat på trygg avstand og følgde med. Geir hadde aldri sett nokon som lappa eit sykkelslange før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement