Opplagsrekord for Dag og Tid denne veka
Dag og Tid fekk ein tilbakegang i fjor, men trenden er snudd.
Denne veka vert opplagstala for andre halvår 2018 offentleggjorde. Utrekningsmåten for avisopplag vart endra i 2018, og rapporteringa skjer no kvart halvår, slik at tala ikkje direkte kan samanliknast med føregåande år.
Som tala syner, gjekk vi tilbake med 433 frå fyrste til andre halvår. Det er dumt, men heldigvis udramatisk. Vi hadde jf. opplagskontrollen ein framgang 1. halvår 2018, men i realiteten hadde vi ein tilbakegang. I haust var det omvendt. Vi har gått fram etter tilbakegangen i vår, men ikkje nok til at gjennomsnittet syner framgang.
Grunnen til tilbakegangen i fjor vår var mangel på marknadsaktivitetar i påvente av marknadsansvarleg og problem med distribusjonen. Men no er vi i godt gjenge.Opplaget denne veka er det høgste vi har hatt nokon gong, og vi har stor tru på framgang for både papir- og digitalavisa i åra som kjem.
Svein Gjerdåker
Svein Gjerdåker er redaktør i Dag og Tid.