OPERASJON SJØLVDISIPLIN- Svake menneske
Å forbetre sjølvdisiplinen sin er den sikraste vegen til eit lykkelegare liv.
Du som ein gong hadde slik ei lys framtid, er no ein mobilavhengig, nevrotisk, dvask og ulukkeleg tufs i tidsklemme. Men fortvil ikkje: Agnes Ravatns åndsaristokratiske sjølvhjelpsserie får livet ditt på rett kjøl.
Folk er i ferd med å miste grepet.
Eg har merka det lenge, men no er det verre enn nokon gong. Og det er ingen grunn til at det vil snu av seg sjølv. Me snakkar om ein eskalerande, nedovergåande spiral.
Eg merkar det på små detaljar. Til dømes at folk ikkje maktar å svare på e-brev. Før galdt dette nokre få folk ein visste ikkje hadde orden i sysakene uansett. Men no gjeld det nærast halvparten av alle eg korresponderer med, inkludert meg sjølv: Me svarar ikkje. Det går veker før me klarer å finne styrke til å formulere eit svar på eit heilt enkelt spørsmål. I mellomtida går me og riv oss i håret, fortvilar over alt det ein skulle gjort.
Emnet er altså sjølvdisiplin, og særleg mange-len på dette. Brukbare synonym vil vere sjølvkontroll, sjølvregulering, viljestyrke. Eg har mindre sjølvdisiplin i dag enn då eg var sju år gammal. Den gongen stod eg opp og åt kneipp med prim, gjekk på skulen, gjekk på handball eller fiolin, gjekk til sengs. Verre var det ikkje. I dag er det som om dagane blir borte i ei lang rekkje små val, og alle krefter blir nytta til å motstå forskjellige freistingar.
Mennesket har sjølvsagt til alle tider streva med sjølvdisiplinen. Platon sjølv meinte at heile det menneskelege tilværet kunne kokast ned til det følgjande: Ein har eit «høgare sjølv» og eit «lågare sjølv», og meininga med livet er å overvinne dei sterke driftene til det låge sjølvet for å kunne oppfylle måla til det høge sjølvet. Ein kan seie så mangt om Platon, men akkurat her var han vel for ein gongs skuld inne på noko? Kvar einaste dag er fylt med slike små og store kampar: Klarer det høge sjølvet å motstå det låge sjølvets trong til å få eit avbrekk frå arbeidet ved å sjekke Facebook? Klarer det høge sjølvet å sende kroppen ut døra og på trening, eller er det det låge sjølvets lengt etter sofaen som går av med sigeren? Klarer det høge sjølvet å få ekteskapet sitt heilberga gjennom julebordet, eller vil det låge sjølvets trong til sanselege utskeiingar vinne?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.