Omsetjarpris til Turid FarbregdDen norske omsetjaren får Letterstedtska föreningens nordiske omsetjarpris for 2018.
Den norske omsetjaren får Letterstedtska föreningens nordiske omsetjarpris for 2018.
Turid Farbregd er kulturell ambassadør for finsk og estisk i Noreg.
Foto: Dorota Osinska
Turid Farbregd er tildelt Letterstedtska föreningens nordiske omsetjarpris for 2018 for det omfattande omsetjingsarbeidet sitt frå finsk og estisk til norsk. Turid Farbregd har sett om både historiske romanar, kriminallitteratur, drama, poesi og sakprosa. Av kjende verk ho har overført til norsk, kan nemnast: Utrenskning av Sofi Oksanen (Oktober 2010), Høye hæler av Mirja Tervo (Spartacus 2014) og Der fire veier møtes av Tommi Kinnunen (Pax 2016).
Ho har òg gjort eit stort arbeid innan leksikografi i same språkområda, altså når det gjeld kontakten mellom norsk og dei finsk-ugriske språka finsk og estisk. Ho står som forfattar eller medforfattar av alle nyare ordbøker mellom desse språka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.