Økologi
Knut Hamsuns dikting er ikkje politisk brun, men grøn, for Hamsun åtvara tidleg mot miljøproblem, seier litteraturvitar Henning Howlid Wærp. Jørgen Haugan og Jan Erik Vold er usamde.
Knut Hamsun i gang med slåttonna ved Nørholm. Henning Howlid Wærp meiner Hamsuns forfattarskap har ny appell ved åtvaringane sine mot miljøproblem.
Foto: Anders Beer Wilse / Nasjonalbiblioteket
«Hele livet en vandrer i naturen.» Det svara Knut Hamsun då forfattaren av Illustrert biografisk leksikon stilte han dette spørsmålet i 1916: «Hvilke personer, institusjoner, begivenheter har hatt størst innflytelse på Deres utvikling og liv?» Hamsun nemnde Bjørnson, Dostojevskij og andre russiske forfattarar. Deretter kom kommentaren om vandring i naturen.
Dette har professor i nordisk litteraturvitskap ved Noregs arktiske universitet, Henning Howlid Wærp, bite seg merke i. Han har gjeve ut boka: Hele livet var jeg en vandrer i naturen. Økokritiske lesinger i Knut Hamsuns forfatterskap.
Det handlar altså om økokritikk, ein lesemetode som har eksistert eit par tiår, men som enno ikkje har hatt så stor gjennomslagskraft ved norske universitet. Økokritikk er ei analytisk undersøking av litteratur der økologiske problemstillingar står i sentrum. Wærp meiner Hamsun var tidleg ute med åtvaringar om miljøproblem skapte av forbruket vårt.
For å seia det litt enkelt: Det handlar om dikting som kunne fått plass på partiprogrammet til Miljøpartiet Dei Grøne. Og trur du det ikkje, eit søk på nettet gjev nettopp tilslag på Hamsun og «De Grønne». På spørsmål frå Dagsavisen om kva som har vore viktigast for henne, svarar Hilde Gunn Sletten, prest og fyrstekandidat for Dei Grøne i Røyken: «Markens Grøde. Den var med på å forme meg som menneske.»
Anten dette er ei utsegn frå ein einskildperson i partiet eller ei partipolitisk retningsline, så er Hamsun enno liv laga. Henning Wærp fortel om overraskande stor interesse mellom studentar og forskarar:
– Dei seinaste åra har det kome doktoravhandlingar om forfattarskapen frå Sverige, Tyskland, Romania, Bulgaria og USA. I tillegg vel mange studentar Hamsun som emne for bacheloroppgåver og masteroppgåver.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.