JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Den grøne Knut Hamsun

Knut Hamsuns dikting er ikkje politisk brun, men grøn, for Hamsun åtvara tidleg mot miljøproblem, seier litteraturvitar Henning Howlid Wærp. Jørgen Haugan og Jan Erik Vold er usamde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Knut Hamsun i gang med slåttonna ved Nørholm. Henning Howlid Wærp meiner Hamsuns forfattarskap har ny appell ved åtvaringane sine mot miljøproblem.

Foto: Anders Beer Wilse / Nasjonalbiblioteket

9558
20180928

Økologi

«Økologi» kjem frå to greske ord: oikos, som tyder hushald, og logi, som tyder lære eller vitskap. Økologi kan såleis forståast som «læra om hushald».

Økokritikken har eksistert eit par tiår, men byrjar fyrst no få tilhengjarar mellom norske litteraturvitarar.

Boka Hele livet var jeg en vandrer i naturen inneheld analysar av 16 bøker av Hamsun, frå Sult (1890) til På gjengrodde stier (1949).

Litteratur

ronny@dagogtid.no

«Hele livet en vandrer i naturen.» Det svara Knut Hamsun då forfattaren av Illustrert biografisk leksikon stilte han dette spørsmålet i 1916: «Hvilke personer, institusjoner, begivenheter har hatt størst innflytelse på Deres utvikling og liv?» Hamsun nemnde Bjørnson, Dostojevskij og andre russiske forfattarar. Deretter kom kommentaren om vandring i naturen.

Dette har professor i nordisk litteraturvitskap ved Noregs arktiske universitet, Henning Howlid Wærp, bite seg merke i. Han har gjeve ut boka: Hele livet var jeg en vandrer i naturen. Økokritiske lesinger i Knut Hamsuns forfatterskap.

Det handlar altså om økokritikk, ein lesemetode som har eksistert eit par tiår, men som enno ikkje har hatt så stor gjennomslagskraft ved norske universitet. Økokritikk er ei analytisk undersøking av litteratur der økologiske problemstillingar står i sentrum. Wærp meiner Hamsun var tidleg ute med åtvaringar om miljøproblem skapte av forbruket vårt.

For å seia det litt enkelt: Det handlar om dikting som kunne fått plass på partiprogrammet til Miljøpartiet Dei Grøne. Og trur du det ikkje, eit søk på nettet gjev nettopp tilslag på Hamsun og «De Grønne». På spørsmål frå Dagsavisen om kva som har vore viktigast for henne, svarar Hilde Gunn Sletten, prest og fyrstekandidat for Dei Grøne i Røyken: «Markens Grøde. Den var med på å forme meg som menneske.»

Anten dette er ei utsegn frå ein einskildperson i partiet eller ei partipolitisk retningsline, så er Hamsun enno liv laga. Henning Wærp fortel om overraskande stor interesse mellom studentar og forskarar:

– Dei seinaste åra har det kome doktoravhandlingar om forfattarskapen frå Sverige, Tyskland, Romania, Bulgaria og USA. I tillegg vel mange studentar Hamsun som emne for bacheloroppgåver og masteroppgåver.

Det er ikkje mange historiske forfattarskapar som møter så stor interesse. Wærp seier det ikkje berre handlar om å avsløre Hamsun:

– Forfattarskapen når ut over det reaksjonære og anti-demokratiske, for diktinga hans inneheld viktige innsikter om mennesket og menneskelivet, om samfunnet og om tilhøvet vårt til naturen.

Forføraren Hamsun

Men er det så enkelt? Knut Hamsun er den harde nøtta i norsk litteratur. Hamsun-forskinga har skift mellom omfamning og avsky gjennom tiåra etter krigen. Mest kjend er den danske forfattaren Thorkild Hansen og boka hans Prosessen mod Hamsun (1978), der det mellom anna heiter «hvis du vil møte idioter, dra til Norge». Med det sikta Hansen til handsaminga vår av den gamle Hamsun etter krigen.

Frode Saugestad hevda i Dagbladet i 2014 at hovudstraumen i norsk Hamsun-forsking handla om å freiste å avsløre korleis nazisten Hamsun forførte lesarane sine.

Vi fekk eit attersyn med den polariseringa i Hamsun-forskinga i fjor, då det var hundreårsjubileum for Markens grøde. Ein diplomatisk forskar som Eirik Vassenden nærma seg verket med skepsis, men òg fascinasjon. Domen til forfattaren Thure Erik Lund var utan fnugg av tvil: Markens grøde «er helt uten litterær ambisjon».

– Ingen eig stor kunst

Har Henning Wærp botemiddel mot dette nasjonallitterære traumet? Eller er han òg forførd av nazisten Hamsun.

– Eg er ikkje ute etter å kvitvaske Hamsun, men vil peike på at kritikken hans av framsteg, forstått som materiell framgang og auka konsum, er høgst relevant i dag. Til dømes er Hamsun her på line med den tyske sosiologen Ulrich Bech, som meiner vi må bryte med tanken om at teknologisk framsteg er jamgodt med framsteg i samfunnet. Hamsun gjev ein alternativ definisjon: «Fremskritt det er menneskets trivsel.» Dette er eit svært radikalt standpunkt.

– Men det er ikkje få som åtvarar mot lesing av Hamsun: Markens Grøde er eit verk «helt uten litterær ambisjon». Hamsun sjølv protesterte jo ikkje imot nazistiske lesingar av Markens grøde, skriv litteraturvitaren Tore Rem.

– Når det gjeld Thure Erik Lund, så les eg utsegna hans som ein type fadermord. Lunds eigen roman Grøftetildragelsesmysteriet (1999) er i den beiske kulturkritikken sin nærast ei nyskriving av Markens grøde. Når hovudpersonen hjå Thure Erik Lund seier at det har skjedd ei kulturell degradering av skogens djupe mystikk, og at naturen er den einaste og sanne læremeisteren til mennesket, er han på line med Hamsun.

– Når det gjeld Rem, så kan vi jamføre med andre norske forfattarar. Markens grøde vart omfamna av nazistane, men det vart òg Trygve Gulbranssens Og bakom synger skogene (1933). La oss no ta romanane attende. Ingen eig stor kunst.

Konsumkritikk

Eit viktig element i økologien er konsumkritikk. I boka si viser Wærp til den danske psykologen Svend Brinkmann. Brinkmann skriv i boka Ga° glipp. Begrensningens kunst i en grenseløs tid for en gjenoppdagelse, som kom på norsk i år, at vi må finne attende til fortidige dygder som nøysemd, ma°tehald – nemleg «kunsten a° ga° glipp av noko», som motvekt til den sosiale akselerasjonen og skadeverknaden hans på miljøet.

Hamsun var tidleg ute med konsumkritikk, meiner Wærp:

– Hamsuns Abel i Ringen sluttet (1936) kan nettopp sjåast som ein som vel å gje avkall på materielle gode og ein høgare posisjon i samfunnet, og som gjennom det set fram ein stille protest mot den sosiale akselerasjonen i moderniteten. Med Abel-figuren utforskar Hamsun ein alternativ levemåte: Kva om ein trår mindre, kva om ein lærer seg å greie seg utan meir? Med dette er Abel meir enn nokon gong ei utfordring for oss i dag, i tidsalderen til vokstersamfunnet og massekonsumet.

Eit medvit om at konsum har etiske fylgjer. Wærp ser dette tydeleg òg i ein annan roman: Dobbeltromanen Børn av tiden og Segelfoss by (1913) og (1915).

– Det har alltid eksistert handel, men identiteten konsument dukka fyrst opp på midten av 1800-talet, då det vart diskutert om konsum kunne medverke til offentleg velferd, om ein kunne tala om ein samvitsfull konsument og ikkje berre ein konsument som var driven av grådigskap og appetitt. Hamsuns utforskar fenomenet konsum i Segelfoss-romanane: Har etiske verdiar og forbruk noko med kvarandre å gjera? Hamsun svarer eit klårt ja på spørsmålet.

«Kanskje kan kontakten med naturen og de grønne verdiene romanen gir uttrykk for, leses mer positivt i dag, med nye tanker om lokale marked og kortreist mat, og kritikk av globaliseringen i økonomien», skriv Wærp i boka.

Naturkjensle

Hamsun bruka ikkje sjølv omgrepet «økologi» i verka sine, men opphavsmannen til omgrepet var ikkje ukjend for Hamsun, fortel Wærp:

– Hamsun brukar det meir generelle «naturen». I to føredrag Hamsun heldt om Strindberg i 1888 og 1891, kjem det fram at han kjende til Ernst Haeckel og økologiomgrepet. Og alt i 1889 kom Hamsun med utsegner som fører tankane til filosofen Arne Næss og djupøkologien, som handlar om at også naturen har rettar, at interessene til menneske ikkje er dei einaste legitime.

Wærp viser til utsegna «Menneskene skal ikke erkjenne seg hverken som særvesener eller som naturens beherskere, men simpelthen et grann, et punkt, plassert på det kosmiske alt», henta frå ein presentasjon av Strindberg i Taler pa° torvet frå 1889.

For å få eit naturmedvit nyttar det ikkje berre med kunnskap om naturen, ein må ha kontakt med naturen, skriv Wærp om Hamsuns tankeverd.

– Du nemner òg filosofen Arne Johan Vetlesen. Han seier vi må slutte a° behandle naturen berre som vare og gjenstand for konsum, men vi må ha psykisk kontakt, innleving og tilknyting til naturen. Kan Hamsun hjelpe oss med det?

– Ja. Les Pan, les Under høststjernen, les Markens grøde, les Landstrykere. Mange av romanane til Hamsun er kontemplasjonar over det menneskelege bandet til naturen, fulle av sanselige skildringar. Vi må øve opp vår «inntrykksømhet». Det er elles eit ord han sjølv fann opp.

– Men vil ei slik oppgradering av kjensler over rasjonalitet vera eit knefall for førmodernistisk, romantisk dikting?

– Det er sider ved romantikken som gjerne kan gjenoppdagast. Medan opplysningstida prøvde å avfortrylle naturen ved hjelp av vitskap og fornuft, reagerte romantikken med ei gjenfortrylling av det som låg utanfor den menneskelege sivilisasjonen. Diktarane i romantikken ser på naturen som noko grunnleggjande annleis, og dei meiner han har eigenverdi, i staden for berre å sjå naturen som ein ressurs. Det er mykje nostalgi i Hamsuns romanar, men at ein ser bakover, treng ikkje vera reaksjonært, det kan vera at ein vil undersøkje kva av det gode som har gått tapt. I tilbakeblikket og tilknytinga til tradisjonen kan det liggje eit korrektiv og ein energi for framtida. Den britiske filosofen Kate Soper har laga omgrepet «avantgarde-nostalgi» for dette. Hamsun er kanskje ein avantgarde-nostalgikar.

Vi spør Henning Wærp til sist om det endeleg er på tide med ei Hamsun-gate i Oslo.

– Ja. Kongsberg, der eg kjem frå, har ei Knut Hamsuns gate. Narvik, der kona mi kjem frå, har det same. Velkommen etter, Oslo!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Alt i 1889 kom Hamsun med utsegner som fører tankane til filosofen Arne Næss og
djupøkologien.

Henning Howlid Wærp,
litteraturvitar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis