Kulturkommentar

Også i Noreg har Live Nations kontroll over Ticketmaster og konsert- og festivalbransjen fått uheldige verknader.

FILE - Taylor Swift performs at the Paris Le Defense Arena as a part of her Eras Tour concert in Paris, May 9, 2024. The U.S. Justice Department was expected to file a sweeping antitrust lawsuit against Ticketmaster and its parent company, Live Nation Entertainment, on Thursday, May 23, 2024. The ticket seller sparked outrage in November 2022 when its site crashed during a presale event for a Taylor Swift stadium tour. (AP Photo/Lewis Joly, File)
I november 2022 kollapsa nettsida til Ticketmaster då billettar til Taylor Swifts Eras Tour-turné vart lagde ut for sal. Fansen skulda Ticketmaster for svindel og dårleg kundeservice. Her er Taylor Swift på Eras Tour i Paris, 9. mai 2024.
Publisert

Monopol er eit spel med berre éin vinnar. Ei nyleg rettsavgjerd i USA viser at Live Nation – ein global konsertgigant som kontrollerer både konsertar, billettsal og delar av artistmarknaden – har hatt Rådhusplassen med hotell i den amerikanske konsertmarknaden, og at dei har hatt det veldig lenge.

I USA konkluderer ein summary judgment, det vil seie ei prosessuell avgjerd i ein føderal domstol, med at selskapet har ein marknadsandel på rundt 86 prosent i billettsal til store konsertstader i USA gjennom billettenesta Ticketmaster. Retten meiner ein har bevis for at Ticketmaster har trua konsertstader med å miste Live Nation-konsertar dersom dei vel ein annan billettutferdar, og nyttar eksklusive, langvarige kontraktar for å halde konkurrentar utanfor. 

I ei fråsegn slår Live Nation fast at juryens dom i søksmålet frå amerikanske delstatar ikkje er endeleg. Men for alle oss andre er det starten på noko som har vorte meir og meir vonlaust etter at Live Nation fekk kjøpe Ticketmaster i 2010. Problemet er dessutan mykje større enn billettsal.

I november 2022 kollapsa nettsida til Ticketmaster då billettar til Taylor Swifts Eras Tour-turné vart lagde ut for sal. Fleire millionar hadde registrert seg for forsalet. Då systemet opna, krasja nettsida i løpet av ein time. Brukarar vart kasta ut av køen eller enda opp med fullstendig frys på sidene. 2,4 millionar billettar vart selde på éin dag. Det var rekordsal for éin artist, men det generelle opne salet vart avlyst. Vidareseljarar hadde kjøpt opp store mengder billettar, og Taylor Swift-fansen skulda Ticketmaster for svindel og dårleg kundeservice.

Skandalen utløyste reaksjonar i USA. Fleire medlemer av Kongressen kravde at fusjonen mellom Ticketmaster og Live Nation frå 2010 vart reversert. Dei omtala han som eit monopol. Taylor Swift-fans gjekk til søksmål om prismanipulering og bedrageri.

Året etter heldt Senatet høyringar der Ticketmaster vart kraftig kritisert på tvers av partigrensene. I 2024 gjekk den føderale amerikanske regjeringa, støtta av 40 delstatar, til sak mot Live Nation for misbruk av den dominerande stillinga selskapet hadde, med krav om å løyse opp samanslåinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement