JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Nytt innhald i svulstig ritual

I staden for å lage ei fantasiframstilling av Samveldet som verdsmakt valde Charles å gripe attende til førestillinga om at ein konge skal tene folket, meir enn å verte tent.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kong Charles III, med St. Edwards-krona på, omgjeven av leiarar frå ulike trussamfunn i Westminster Abbey i London.

Foto: Victoria Jones / Reuters / NTB

5715
20230512
5715
20230512

Når ein no snart er ferdig med å klage over det pompøse i kroninga av Charles og Camilla i Westminster Abbey laurdag 6. mai, kan ein gjerne ta til å undrast noko over det heilt nye i symbolikken som vart utforma. Der var nemleg monaleg mykje særskilt nytt.

Charles fekk reinska kraftig opp i rituala, og mange barokke element forsvann. Seremonien vart halvert i tid i høve til dei siste 300–400 åra. Borte var ei mengd imperiale element som kom til frå slutten av 1500-talet og fram til utpå 1800-talet (om det så var Koh-i-Noor-diamanten, var han ikkje med, men den norske smaragden i septeret var der framleis).

Alt har ikkje sett likt ut i 1000 år. Imperiet var såleis overveldande sterkt markert og ikkje minst den imperiale styringsmakta, då dronning Elizabeth II vart krynt for 70 år sidan, berre nokre år før imperiet gjekk i oppløysing. Slik kunne ein sjølvsagt ikkje halde fram no.

I staden for å lage ei fantasiframstilling av Det britiske samveldet som verdsmakt valde Charles å gripe attende til førestillinga om at ein konge skal vere heilande for landet sitt og tene folket, meir enn å verte tent. Til overmål var velkomsten frå kyrkjelyden framført av ein heilt ung korgut, og løftet om tenesta vart gjeven der og då.

Kongsideologien

Den eldste samlande britiske kongsideologien vart bygd i hop av element frå norrøne, normanniske, franske og britiske tradisjonar frå om lag 1000 år sidan og frametter. Hovudførestillinga var at monarken er eitt med folket sitt og ansvarleg for eit godt liv i nasjonen. Denne ideen, så ofte gløymd gjennom hundreåra der alle maktsymbol heller vart framsynte, vart ein raud tråd for oppbygginga av heile seremonien.

Omvølinga gav ei lang rad splitter nye symbolske moment i ritualet. Truleg lettast å merke seg var at for fyrste gong sidan reformasjonen var ein katolsk erkebisp med på kroninga; fleire katolske bispar og ein paveleg utsending var òg til stades. Medverkande i den velsignande gruppa av geistlege var den kvinnelege biskopen Sarah Mulally av den anglikanske kyrkja. Bispen som representerte dei frie kyrkjene, var òg ei kvinne.

Elles var sjølvsagt skotske presbyterar med, meir uventa òg øvste baptistforstandaren. Der fanst representantar frå alle større religiøse grupper i Storbritannia, zoroastar, buddhistar og andre – til saman vart det særs tydeleg at Charles ikkje berre vil vere «Defender of the Faith», altså for The Church of England, men «Forsvarar for truene», for alle religionar i Storbritannia.

Ordføraren i London, hinduen Sadiq Kahn, var mellom dei som las bibeltekst. Medverkande var òg sjefsrabbien i Storbritannia, Ephraim Mirvis, innlosjert i «grannegarden» så han slapp å gå lenger enn krava for sabbaten tilseier. Den konservative muslimen lord Kamall overleverte «the armill», den kongelege mansjetten i gull som er symbol på ærlegdom og visdom, og den 90-årige sikhen lord Indarjit Singh presenterte den kvite hansken, symbolet på full sameining mellom konge og land. At ein rabbi, ein muslim, ein hindu og ein sikh skulle vere aktive i sjølve kroningsseremonien, ville vore heilt utenkjeleg tidlegare og vekte rettkomen åtgaum.

Blanda

Denne framføringa av diversitet i sameining var gjennomgåande i musikkvala, ikkje berre med nye komposisjonar, der mellom anna tre jødiske komponistar var med. For fyrste gong vart det av blandakor – alltid før gute- og mannskor – og av solistar framført songar frå alle delar av riket på walisisk, skotsk, skotsk-gælisk og irsk-gælisk.

Det siste er særskilt interessant, for på båe sider av grensa til Nord-Irland er dei fleste som brukar irsk-gælisk, republikanarar. Bruken av walisisk demonstrerer sjølvsagt det lange sambandet til Wales i alle år som prins av Wales, der Charles jamvel lærte seg det vanskelege språket (godt nok) til å halde talar på walisisk. Og framhevinga av det skotske var meir enn eit bukk til nasjonalistane i nord.

Samveldet var sjølvsagt representert ved sine leiarar, alt som kunne kome av kongelege såleis, og dei var plasserte eller prosederte ikkje som undersåttar i det gamle Commonwealth, dei kunne då heller ikkje tidlegare vere med på slike statsseremoniar i London, men var fullt jamstilte med alle andre utanlandske statsrepresentantar.

Representasjonen av kongelege ordenar var òg på eit minimum, til gjengjeld var der representantar i kyrkja og prosesjonen for hjelpeorganisasjonar, velgjerande organisasjonar og ikkje minst kunstnarar frå opphavleg beskjedne kår som hadde fått starten på sin karriere ved støtte frå The Prince’s Trust. Og endeleg, det vart lagt stor vekt på veteranane frå ulike krigar Storbritannia har vore involvert i sidan andre verds­krigen; fanene og flagga deira hadde forrang framfor adelege kåper og ordensfaner.

Dei som meiner at kroninga var ei åndlaus, svulstig oppattaking av gamle uskjønlege ritual, tek såleis ganske feil. Tvert om omkalfatra Charles her heile symbolikken for kongefunksjonane, i hovudkyrkja for riket der både tidlegare kongar, dronningar, statsmenn, vitskapsfolk og kunstnarar kviler, og dei alle no vart gjorde til historiske vitne på den gjennomførte understrekinga av samarbeid, samforstand og jamstelling – mellom kjønna, mellom landa, folkegruppene, religionane, aldersgruppene, klassene.

Det er ikkje heilt umogleg at det britiske monarkiet under Charles, om han får levedagane, kan utvikle ei ny rolle for å gripe over alle dei splittande tendensane i riket.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis