Litteratur

Nye krefter i Nytt Norsk Tidsskrift

– Selskap som driv med overvakingskapitalisme, har ekstreme ambisjonar, seier påtroppande redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift Jan Grue, som vil setje digital sjølvråderett på dagsordenen.

Forfattar og professor Jan Grue tek over som redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift etter Hannah Helseth.
Forfattar og professor Jan Grue tek over som redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift etter Hannah Helseth.

Professor og forfattar Jan Grue tek på nyåret over som redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift, etter sosiolog og forfattar Hannah Helseth, som har leidd tidsskriftet sidan 2018.

– Korleis vil lesarane merke at du har teke over som redaktør?

– Det vert ein kontinuitet, i den forstand at eg liker prosjektet til Nytt Norsk Tidsskrift veldig godt. Det har vore mange markante redaktørar i Nytt Norsk Tidsskrift, frå Helseth og bakover i historia, og openbert med Rune Slagstad som grunnleggjar. Det unike med tidsskriftet er kombinasjonen av ulike fagområde, at tidsskriftet ikkje er låst til eitt felt, slik det ofte er i akademia, men byggjer bru til politikk og andre samfunnssfærar, seier han.

Tidsskriftet kom første gong ut i 1984, med Rune Slagstad, Hans Skjervheim, Øyvind Østerud og Francis Sejersted som pådrivarar og redaktørar.

Grue har i ei årrekkje delteke i det offentlege ordskiftet og formidla kunnskap og litteratur i ulike sjangrar. Han er i dag professor i kvalitativ metode ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, der han i hovudsak forskar på kropp og kroppsoppfatning, sjukdom, funksjonshemming og normalitet.

Grue har skrive noveller, romanar og barnebøker, i tillegg til fagbøker. I 2018 kom han med den sjølvbiografiske boka Jeg lever et liv som ligner deres, som fekk Kritikarprisen og vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. No vert han altså tidsskriftredaktør.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement