Ny ordbok på nettetNorsk Ordbok har fått ein konkurrent. Denne veka lanserte Det Norske Akademi ordboka si på nettet
Norsk Ordbok har fått ein konkurrent. Denne veka lanserte Det Norske Akademi ordboka si på nettet
Oppslaget «jeg» i Det Norske Akademis ordbok
Illustrasjon: skjermdump, NOAB
Det Norske Akademi for Språk og Litteratur vart i si tid skapt for å verne om riksmålet, og akademiet gav ut Norsk riksmålordbok på papir. No kjem ein utvida og oppdatert nettversjon, Det Norske Akademis Ordbok, med forkortinga NAOB.
Den offisielle opninga er 24. januar, men basen fanst alt 21. desember tilgjengeleg på nettet. Basen inneheld 225.000 artiklar og 300.000 sitat.
NAOB er «det eneste litterære ordbokverk på norsk». Kva tyder det? I Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett er døma «anonyme». NAOB hentar alle sitata sine på språkbruk hjå norske forfattarar. Namn på forfattar og boktittel er difor førte opp som kjelde bak kvart døme.
Vi bør òg nemne eit anna ordboksverk: Norsk Ordbok – Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Meininga er at dette verket òg skal leggjast ut på nettet. Men der er berre «i» til «åværig» tilgjengeleg på verdsveven.
Grrr, seier somme nynorskfolk. No har riksmålet teke innersvingen på nynorsken! Dette «grrrr-et» blir ikkje mindre når ein slår opp på «jeg» i NAOB. Der lyder den etymologiske forklåringa: «av norrønt ek; jf. dansk jeg, av gammeldansk iak, æk, ak, svensk jag, av gammelsvensk iak, iæk, iagh; jf. eg».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.