Ny avlsokse til Dag og Tid-kyrne
Dag og Tid-kyrne har fått ny avlsokse – fjordfekalven Kjell Bjarne II.
Kjell Bjarne II, mønstra av Knut Lussand Selheim.
Foto: Svein Gjerdåker
Dag og Tid-stølen
svein@dagogtid.no
Kalven vart fødd 26. februar og henta til gards i påska frå buskapen til Arne Bekkevoll i Vadheim i Sogn. Bekkevoll er ein av dei i landet med mest kunnskap om vestlandsk fjordfe, og dyra hans har høg status i fjordfemiljøet.
For nye lesarar driv altså Dag og Tid støl kvar sommar og har dei to fjordfekyrne Ameline og Somrei ståande på garden Selheim på Voss om vinteren.
Spjutlin, mor til den nye avlsoksen, mjølkar 24 liter for dagen. Ho er snill, men hard i taka, og ho veit kva ho vil, ifylgje Bekkevoll. Kjell Bjarne II, som er fjerde kalven hennar, er ein tettbygd, muskelsett liten kalv som Hilde og Lars Selheim har store forventningar til.
Faren er seminoksen Skaaro, ala opp av Bjørg Børve Dvergsdal i Hardanger.
Kva med kalvane frå i fjor, Symra og Aasmund? Aasmund var slakta i mars. Symra er kvikk og rask, høgst levande, og vert med på stølen til sommaren.
Og faren, Kjell Bjarne I? Han vart slakta 12. februar. Slaktevekta var på 362 kg, og delar av kjøtet vart servert på to årsmøtemiddagar på Park hotell på Voss.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dag og Tid-stølen
svein@dagogtid.no
Kalven vart fødd 26. februar og henta til gards i påska frå buskapen til Arne Bekkevoll i Vadheim i Sogn. Bekkevoll er ein av dei i landet med mest kunnskap om vestlandsk fjordfe, og dyra hans har høg status i fjordfemiljøet.
For nye lesarar driv altså Dag og Tid støl kvar sommar og har dei to fjordfekyrne Ameline og Somrei ståande på garden Selheim på Voss om vinteren.
Spjutlin, mor til den nye avlsoksen, mjølkar 24 liter for dagen. Ho er snill, men hard i taka, og ho veit kva ho vil, ifylgje Bekkevoll. Kjell Bjarne II, som er fjerde kalven hennar, er ein tettbygd, muskelsett liten kalv som Hilde og Lars Selheim har store forventningar til.
Faren er seminoksen Skaaro, ala opp av Bjørg Børve Dvergsdal i Hardanger.
Kva med kalvane frå i fjor, Symra og Aasmund? Aasmund var slakta i mars. Symra er kvikk og rask, høgst levande, og vert med på stølen til sommaren.
Og faren, Kjell Bjarne I? Han vart slakta 12. februar. Slaktevekta var på 362 kg, og delar av kjøtet vart servert på to årsmøtemiddagar på Park hotell på Voss.
Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.