Litteratur
Norske skihistorier på engelsk
At norske skiinteresserte litteratar skulle koma på ideen å gje ut ein skiantologi, er ikkje eigna til å overraska. Annleis er det når heile tekstsamlinga er på engelsk.
Både norske og utanlandske forfattarar er med i antologien, mellom andre Sigrid Undset, Ernest Hemingway, Unni Lindell og Lars Saabye Christensen.
Foto: AP / NTB
Den 30. mars dreg Ingrid Christophersen over Atlanteren for å ta imot litteraturprisen Ullr Award i Sun Valley i Idaho. I statuttane for prisen, som ber namnet til den norrøne skiguden, står det at han vert tildelt for «eitt enkeltståande og eineståande bidrag, eller fleire bidrag, til å dokumentera skihistorie i bokform».
Christophersen får prisen for boka To Heaven’s Heights. An Anthology of Skiing in Literature. Juryen grunngjev prisen på fylgjande måte: «Me føler at arbeidet ditt fangar alle aspekt ved sporten vår gjennom dei vedunderleg flott presenterte og nedskrivne historiene som byr på ei vandring gjennom tida.»
– Prisen er like mykje til alle bidragsytarane som til meg, seier Ingrid Christophersen.
Norsk oppvekst
For alpinverda var det gledeleg då Dave Ryding vann verdscuprennet i slalåm i sjølvaste Kitzbühel. Aldri før har ein brite vunne eit alpinrenn på dette nivået.
Ingrid Christophersen har sjølv ein alpinkarriere på internasjonalt nivå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.