Noregs fyrste operahus
Enorme summar blei nytta på å senda Tysklands fremste symfoniorkester og solistar til Noreg under krigen, syner Harald Herresthal i boka Propaganda og motstand.
Reichskommissar Josef Terboven (nummer fire frå høgre i den opphøgde losjen) i Deutsches Theater i Oslo under ein operettepremiere i november 1941. Det Norske Teatret flytta inn hit i 1945 og blei til 1985.
Foto: Riksarkivet
I 1945 kunne Det Norske Teatret flytta inn fiks ferdige lokale i Stortingsgata 16 i Oslo. Teaterbygninga hadde avansert dreiescene og alt anna skodespelarar og regissørar kunne ynskja seg. Kvifor hadde det seg slik? Soga er litt som den med flyplassane og jernbanane tyskarane etterlet seg, som me fekk god bruk for etter krigen. 1. januar 1941 hadde nemleg Reichskommissar Josef Terboven, Hitlers fremste representant i det okkuperte Noreg, kunngjort opprettinga av eit tysk teater i Oslo, nærare bestemt eit musikkteater.
Bygninga frå 1918, som til då hadde hyst ein kinosal, blei difor bygd om til fullverdig operasal, noko Terboven engasjerte ein av Tysklands fremste arkitektar til. Salen skulle kunna femna eit stort orkester i orkestergrava og gjera spektakulære scenebilete mogleg. Og på staden der kongelosjen i ærverdige tyske operahus tradisjonelt var plassert, blei det bygd ein opphøgd losje for rikskommissæren og gjestene hans. Losjen hadde eigen inngang som gav høve til rask flukt i tilfelle sabotasje.
Ein norsk draum
Skipinga av Deutsches Teater, som var i drift frå 1941 til 1944, gjorde Oslo til den einaste byen i Europa der det blei oppretta eit nytt operahus under den andre verdskrigen. Samstundes var det òg Noregs fyrste operahus. Kva var det som fekk den tyske okkupasjonsmakta til å prioritera ei slik kultursatsing? Dette undersøkjer Harald Herresthal, organist og professor emeritus ved Noregs Musikkhøgskule, i boka Propaganda og motstand. Musikklivet i Oslo 1940–1945. Her dokumenterer han eit ukjent kapittel i det offentlege musikklivet i hovudstaden, og i landet elles.
– Terboven skjønte at det var ein norsk draum å få seg eit eige operahus, og at opprettinga av eit slikt signaliserte godvilje andsynes det norske folk. Alt Bjørn Bjørnson, Bjørnstjernes son og Nationaltheatrets fyrste sjef i 1899, ynskte å reisa ein scene som gjorde skikkelege operaframføringar mogleg.
Kort tid etter invasjonen i 1940 gjekk fleire operasongarar som var NS-medlemer til avisene og oppmoda Oslo kommune om å skipa eit operahus. Men medan kommunen vurderte realisering og finansiering, kom Terboven dei i forkjøpet, meiner Herresthal.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.