Noregs eldste og største
NJFFs fyrste emblem, frå 1880-åra.
Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) er i dag den einaste landsdekkjande interesseorganisasjonen for jegerar og sportsfiskarar i Noreg, med kring 111.000 medlemer og nærare 600 lokallag. Medlemsbladet Meddelelser kom ut fyrste gong året etter stiftinga i 1871. Her utveksla medlemene jaktrøynsler, og det blei opplyst om utviklinga i viltbestandane og i lovgjevinga. I tillegg var der meldingar om jakttilhøva i andre land. Dei gamle årgangane er difor viktige dokument i norsk jaktsoge.
I dag heiter bladet Jakt & Fiske og er det eldste og største norske fagtidsskriftet i sitt slag, med eit opplag på mest 90.000 i månaden. Meddelelser var derimot eit reint informasjonsorgan for ein eksklusiv herreklubb i Kristiania, fortel dagens redaktør Ole Kirkemo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.