Nordisk poesi i UlvikKolbein og finlandssvenske Catharina gjestar Ulvik poesifestival i september.
Lyrikar Kolbein Falkeid og finlandssvenske Catharina Gripenberg er av dei som gjestar Ulvik poesifestival i september.
Kolbein Falkeid er 84 år. Det er ikkje ofte han les opp lyrikk lenger, men han kjem til Ulvik andre helga i september.
Foto: Hans Jørgen Brun
Programmet for Ulvik poesifestival vart sleppt denne veka. Festivalen har fått status som ein av dei viktigaste lyrikkfestivalane i Norden, og går av stabelen annakvart år i andre helga av september på heimstaden til Olav H. Hauge. I år skjer det 7.–9. september.
Også i år er det overraskingar på lur. Det er ikkje ofte den folkekjære diktaren Kolbein Falkeid gjestar norske poesifestivalar. Men han kjem i september og les opp. Det gjer òg Ole Paus, Kjartan Fløgstad og Herborg Kråkevik.Ruth Lillegraven lanserer ny bok under festivalen: Skogen den grøne. Så kjem den kritikarroste kvartetten9 grader nord med nye musikalske opplevingar frå nære og fjernare himmelstrøk.
Temaet for festivalen i år er «ordskifte». «Med dette temaet ynskjer vi å lyfte fram poetar som vågar å engasjere og utfordre», seier dagleg leiar Geir Netland i pressemeldinga frå Ulvik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.