Litteratur
Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse
Jon Fosse takkar nynorsken for prisen.
Jon Fosse.
Foto: Agnete Brun
Tildelinga vart kunngjort torsdag 5. oktober av Svenska Akademien i Stockholm i Sverige. Nobelprisen er rekna som verdas gjævaste litteraturpris,og inneber mellom anna ein sum på kring ti millionar svenske kroner.
Fosse er den fjerde norske forfattaren som vinn prisen, og han er den fyrste nynorskforfattaren. Det er nær hundre år sidan sist ein norsk forfattar vart tildelt prisen, Sigrid Undset i 1928. I 1920 gjekk han til Knut Hamsun og i 1901 til Bjørnstjerne Bjørnson.
Prisen vinn ein ikkje for ei enkelt utgjeving, men for heile forfattarskapen. Fosse er fødd i 1959, han bokdebuterte i 1983 med romanen Raudt, svart, og har gjeve ut kring førti bøker. Prisen får han, heiter det frå Stockholm, «för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.