Naturverninteresse i dress og slipsI år er det 50 år sidan Natur og Ungdom var skipa. I ei ny bok fortel Per Thorvald Larsen korleis byungdom grunnla organisasjonen.
I år er det 50 år sidan Natur og Ungdom var skipa. I ei ny bok fortel Per Thorvald Larsen korleis byungdom grunnla organisasjonen.
Foto: Privat
I 1967 såg ein av dei viktigaste ungdomsorganisasjonane i landet lyset: Natur og Ungdom. Kven tok initiativet til oppstarten? Vi forventar gjerne at det byrja med ein gjeng samfunnsstormarar og politisk radikale aktivistar. Men der tek vi heilt feil. Skiparane var unge gymnaselevar og studentar i Oslo, altså asfaltungdom.
Opptakta skjedde for nøyaktig 50 år sidan, i mars 1967, då dei to urbane laga Norsk Feltbiologiske Ungdomsforening og naturvernforeininga til gamle, ærverdige Oslo Katedralskole – Katta, på folkemunne – slo seg saman under namnet Natur og Ungdom. Den offisielle grunnlegginga bar fyrst til i november same året, men markeringa av 50-årsdagen har alt byrja: Natur og Ungdom arrangerer ein årskonferanse i Oslo med feiring på Youngstorget frå 21. til 23. april. Samstundes har det òg kome ut ei bok om dei fyrste åra til Natur og Ungdom: Fra ungdom og natur til NATUR OG UNGDOM.
Det er ein av grunnleggjarane av Natur og Ungdom, Per Thorvald Larsen, som har skrive boka, som handlar om dei fyrste åra til organisasjonen. Larsen var med alt frå byrjinga, som medskipar av Katedralskolens naturvernforening, som vart oppretta i 1965.
Mikkjel Fønhus
Dag og Tid reiser til Fredrikstad, der Larsen held til, og der har han forlaget sitt, som boka er komen ut på: Faglitterært forlag. Larsen høyrer til ei gruppe som blir meir og meir sjeldsynt: små, idealistiske einmannsforlag. Tidlegare har han gjeve ut bøker om litteraturhistorie og klassiske språk, i tillegg til Tatt av skolen og Skolefri, som vekte debatt om dagens skule då dei kom ut i høvesvis 2007 og 2012.
– Dessverre kjøper ikkje bokhandelkjedene inn bøkene mine, men eg sel mange over nettet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.