Kulturkommentar
Årets P3 Gull var verken spektakulært, glamorøst eller begeistrande, skriv Tor Martin Bøe.
Men éin artist redda kvelden.
Når vinnarane ikkje møter opp til P3 Gull, er det prisutdelinga som til slutt tapar
NRK-prisen P3 Gull har vore delt ut sidan 2013. Kanalen gjer eit stort poeng av at det er «Noregs råaste musikkpris», og i starten var P3 gode til å byggje merksemd. Som då programleiar Line Nelvik kopierte Miley Cyrus, sitjande på ei rivingskule utan klede, og fekk overskrifter i både store og små avisar.
Programmet er ikkje berre eit musikkprogram. På meg har det verka som ei kreativ sandkasse og ein idéverkstad for programskaping i NRK. Biletregien og kameraføringa har alltid vore nytenkjande og begeistrande. Det har vore spektakulære sendingar frå Økernsenteret, Fornebu og det som tidlegare var Deichmans hovudbibliotek på Hammersborg i Oslo.
I tida då NRK framleis viste Spellemannprisen på TV, var det interessant å sjå kva grep ein tok med seg frå P3 Gull.
TV-bransjen har òg vore begeistra. P3 Gull er programmet med flest Gullruten-prisar nokosinne. Heile 17 priser har dei fått, tre meir enn Dokument 2, dokumentarprogrammet på TV 2 som ikkje finst lenger.
Det er så ein kan lure på om NRK tenkjer det same om P3 Gull. At det kanskje ikkje trengst.
Då programmet kom på NRK1 seint fredag kveld, var det verken spektakulært, glamorøst eller begeistrande. Snarare verka det som ein var med på eit merkeleg intern-TV.
Feiringa var i Store Studio på NRK-huset, pakka inn i VHS-nostalgi, og der ein miniversjon av Kringkastingsorkesteret opna med eit utdrag frå Beethovens femte symfoni, altså «Skjebnesymfonien» – eit val som ein kan tolke som meir enn berre eit musikalsk innslag. For bak VHS og lyden av skjebnen som bankar på, låg ei pinleg ironisk sanning: Nesten ingen av prisvinnarane var til stades. Skjebnen deira var ikkje å vere på NRK.
Countryfenomenet frå Stord Tobias Sten vann ein pris mens han lempa utstyr ut av ein heis på Gardermoen, og ein til då han hadde kome seg til parkeringshuset. «Satan, Jesus», sa han, før han takka seg sjølv og dei som kjem på konsert, og lova å «døy på turné med gitaren i handa».
Rapparen Ari Bajgora vart kåra til årets artist i ei liksomdirektesend prisoverrekking frå ei konsertscene i Bergen. Showet skulle vere ei hylling av dei som har laga lydspora til året som har gått, men vart vel så mykje ei påminning på kor få av desse som faktisk dukkar opp når NRK byr på stas og kalas.
Den musikalske underhaldninga var eit greitt tverrsnitt av året. Ylva leverte ein energisk «Maskulin», som ho starta på parkeringsplassen utanfor Marienlyst. Fenomenet SaG gjorde den unike blandinga si av norsk og engelsk saman med eit kringkastingsorkester som såg noko mellomnøgd ut. Golf og Olivia Lobato framførte «Ekko», og vinnaren av Årets Urørt, Girl Group, fekk eit fortent augeblikk.
Anna underhaldning var lokalrevyprega, ei trøyttande gjentaking av at ein skulle setje over til ein annan fest, der alle dei vanlege folka var, der vitsen var at det ikkje var så veldig mykje å melde frå den festen.
NRK har fått mykje fortent kjeft for å leggje ned musikkprogram og ikkje gje populærmusikken den plassen han fortener, på TV og på radio. P3 Gull var eit høve for statskanalen til å vise at «me kan i alle fall dette». Sidan Spellemannprisen skulle ordne seg sjølv og strøyme sendinga på ein kombinasjon av TikTok og YouTube frå eit hotell, har ikkje P3 Gull berre vore det einaste prisprogrammet for musikk, det er no det einaste TV-programmet for populærmusikk.
Publikum såg ut til å tenkje på neste T-baneavgang meir enn kva som skjedde på scenen.
P3 Gull kunne vore eit grep for å vise korleis musikk på TV kan gjerast, uavhengig av sjanger. Og at NRK satsar. Men mykje av dette drukna i tafatt bilderegi og eit publikum som såg ut til å tenkje på neste T-baneavgang meir enn kva som skjedde på scenen. Det kan ikkje eingong klippast om til gode delbare klipp på dei kanalane hovudmålgruppa deira er på.
Heldigvis kom eit lyspunkt heilt til slutt. Då den siste prisen, P3-prisen, skulle delast ut, var det endeleg ein vinnar i salen. Sigrid landa etter ein Asia-turné natt til fredag og var framleis full av jetlag, men opptredde i opninga (på eit slags opptak) og var til stades i salen til det var over. Det gjorde ho lurt i. Hyllinga var vakker og fortent.
Fay Wildhagen og Gabrielle tolka «Home to You» rørande flott saman med kringkastingsorkesteret, leia av Kristoffer Lo på klaver. Sigrid gret og lo om kvarandre. Ho takka audmjukt, og ho gjorde det tydeleg kvifor ho er ein av dei få norske artistane som verkeleg er eit namn som går rundt kloden. Ho var motsatsen til prisutdelinga: ei stjerne som møter opp. Ekte gull. Faktisk rå.
Ho var prisutdelinga si motsats: ei stjerne som møter opp. Ekte gull.
NRK må gjerne lage eigne prisutdelingar, men kvifor skal publikum bry seg om utdelingar som artistane sjølve ikkje tek seg bryet med å delta på? Når vinnarane er på flyplassar, parkeringsplassar og på konsert i Bergen, hjelper det ikkje å skryte av at ein er rå på Marienlyst. Dette var jo heller provet på det motsette.
P3 Gull fekk til slutt ein aktverdig 2025-avslutning fordi éin artist, den einaste vinnaren som faktisk var der, gav programmet ei vag kjensle av autoritet. Sigrid redda kvelden. Utan henne hadde det vore ei prisutdeling der prisane forsvann like fort som vinnarane.