Når media regisserer offerhistorierI boka kritiserer Anne Bitsch handteringa av #metoo-historier i media.
I boka Brev til en ufødt datter kritiserer Anne Bitsch handteringa av #metoo-historier i media. – Dei vart regisserte og klipte til, seier Bitsch, som sjølv opplevde å bli offer for mekanismen.
Anne Bitsch er aktuell med ein pamflett til ei tenkt ufødd dotter, med råd til den komande generasjonen kvinner om fridom, sex og systerskap.
Foto: Ronny Spaans
I fjor kom Anne Bitsch med boka Går du nå, er du ikke lenger min datter, der ho fortalde om seksuelt misbruk av far i oppvoksteren, og korleis det var å vekse opp med ei mor med alkoholproblem.
Same år tok #metoo-kampanjen media med storm. Når det gjeld val av tid, kunne boka hennar ikkje ha kome på eit betre tidspunkt. Bitsch fekk fylgje av andre kvinner som fortalde historier om overgrep.
Før vi går vidare, skal det strekast under at Anne Bitsch er ikkje eit pseudonym. Det skriv seg frå ein utanlandske forfar til forfattaren. Bitsch – uttala bits – er eit stadnamn i Sveits. Sjølv er Anne Bitsch fødd i Danmark.
Bitsch fylgde dekninga av offerhistorier i media. Ho gledde seg over medvitet kampanjen skapte kring seksuell trakassering og vald. Men ho reagerte òg negativt. Ho studerte korleis historier om trakassering blir mottekne i media og i rettssystemet. Ho kjende seg ikkje att. Difor skreiv ho Brev til en ufødt datter. Om frihet, sex og søsterskap.
Brev til en ufødt datter
– Eg har sjølv ingen barn, så då eg skreiv Brev til en ufødt datter, er det den generasjonen denne dottera ville ha tilhøyrt, eg vender meg til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.