Når eit symbolbygg brenn
Det blir meir og meir vanleg at øydelagde symbolbygg blir atterreiste. Men i Porsgrunn tviheld ein på nybygg i moderne stil – endå om innbyggjarane krev atterreising.
«Det er ikkje til ære for kongar og prelatar / dei har bygt uppatt byen stein på stein, / men for alle dei ukjende hendene som træla / under dei, og likevel fann glede i å skapa», skriv Olav H. Hauge i diktet «Stare Miasto». Stare Miasto tyder «Gamlebyen», og diktet viser til Warszawa sentrum som vart rekonstruert etter krigen.
Hauge peikar på eit viktig moment ved atterreisinga: Polakkane insisterte på å byggje kulturminna opp att fordi det i augo deira tydde ei tilinkjesgjering av krenkjingane åt Hitler.
Samtidig viser Hauge oss kva som er skilnaden mellom eit vanleg bygg og symbolbygg. Om så byggherrane, «kongar og prelatar», var folkeundetrykkjarar, fann polakkane «glede» i å atterreise byggverka deira. Betre forklåring på ordet symbolbygg finst ikkje.
Norske symbolbygg har vore herja av brannar i det siste. No i april braut det ut brann i Bergen sentrum. Den gamle Latinskulen og St. Jørgen hospital – meir kjend som Lepramuseet – fekk store vasskadar under sløkkjingsarbeidet. I mars braut det ut brann i «Havbukta» i Søgne, bustaden til diktaren Vilhelm Krag.
–?Dersom det ikkje er mogeleg å berge konstruksjonen, kan det vera aktuelt å krevja atterreising som ein nøyaktig kopi, uttala Frans-Arne Stylegard, fylkeskonservator i Vest-Agder om «Havbukta».
Den fyrste reaksjonen hans var den same som hos polakkane: ein spontan vilje til vern av ein folkekjær bygning som på ein valdeleg måte var riven frå ein.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.