Når byråkratar teiknar noregskartetFylka våre får nye namn: Nordlys fylke, Vestlandet og Viken, føreslår fylkeskommunane.

Fylka våre får nye namn: Nordlys fylke, Vestlandet og Viken, føreslår fylkeskommunane. – Misfoster og skivebom, seier Tom Schmidt, professor i namnegransking.

Troms og Finnmark Frp føreslår Nordlys fylke som det nye namnet deira. Finnmark fylkeskommune er litt meir nøktern, dei vil ha Troms og Finnmark, den arkiske regionen. I mellomtida dansar nordlyset over Tromsø.
Troms og Finnmark Frp føreslår Nordlys fylke som det nye namnet deira. Finnmark fylkeskommune er litt meir nøktern, dei vil ha Troms og Finnmark, den arkiske regionen. I mellomtida dansar nordlyset over Tromsø.
Publisert

Fylka i landet skal bli færre, og dei skal få nye namn. Det er ikkje fyrste gong regionane våre blir omorganiserte. Enkelt fortalt: I norrøn tid var Noreg delt inn i fylke, medan landet i mellomalderen var samansett av syssel og len, før eineveldet kom i 1660, og len i sin tur vart bytt ut med amt.

For om lag hundre år sidan, i 1919, kom ein ny runde med endringar, denne gongen initiert av både modernisering og norsk sjølvstende: Amt vart atter fylke. Det interessante er korleis det vart gjennomført jamført med fylkesreformene i dag.

I 1919 var gangen slik: Nynorskmann og professor Marius Hægstad og Riksmålsforeningens formann, professor Hjalmar Falk, laga ei utgreiing for Stortinget. Ho vekte litt murring her og der: Somme ville halde på amt-nemninga, og framlegget om Austfold, som jamvel riksmålsmenn stod bak, vart vraka til fordel for Østfold. Elles gjekk framlegga til fagfolka gjennom utan større vanskar.

Korleis blir det gjort i dag? Kranglinga om Vestlandet som nytt namn på det nye vestlandsfylket kjenner vi alle til. «Vil drøfte navn og innhold i den nye regionen bak lukkede dører», var tittelen på ei sak i NRK om eit møte mellom politikarar og byråkratar om framlegg til namn på eit nytt fylke i Nord-Noreg. Det var så sterke kjensler i sving at pressa ikkje fekk tilgang.

Dag og Tid har sett på prosessen med fylkessamanslåing saman med fagmenn. Professor emeritus i namnegransking og stadnamnekspert Tom Schmidt er ikkje imponert. «Misfoster» og «brot på namnelova», er ord han brukar på prosessen.

På friarferd

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement