Når arbeids-hender skriv dikt

– Ser eg ei utskoren vindaugsramme, kjenner eg i hendene korleis arbeidet er utført, fortel lyrikar Margrethe Aas, som har overført røynslene til arket.

Byplanleggjar og lyrikar Margrethe Aas er aktuell med den andre lyrikksamlinga si.
Byplanleggjar og lyrikar Margrethe Aas er aktuell med den andre lyrikksamlinga si.
Publisert

– Skulle eg byrja på vidaregåande skule i dag, ville eg ha valt handverkslina. Den tanken eksisterte ikkje den gongen eg var ferdig med ungdomsskulen. Handverk var eit lågstatusfag. Ein person med gode karakterar skulle ikkje gå der. Men det er jo heilt feil å tenkje slik, fortel lyrikar Margrethe Aas, som er aktuell med den andre boka si, diktsamlinga Eim.

Les ein presentasjonar av henne, skulle ein ikkje tru at ho var opphavet til desse orda. Aas er forfattar og høgt utdana byplanleggjar. Ho har femårig mastergrad frå Arkitektskolen Aarhus, ved Institut for by og landskab. I dag arbeider ho som byplanleggjar ved Byplankontoret i Trondheim kommune. Men les ein i den siste diktsamlinga hennar, ser ein at dette er ein forfattar som verkeleg interesserer seg for handverksfag.

Slik lyder fyrste strofe i eit av dikta i boka. «høvel med sole av kirsebærtre/ spor i søkk etter tomlar og tolmod/ stålet kvessa og blankt/ vil seg igjennom alt det møter».

– Ved sida av jobben som byplanleggjar restaurerer eg og kjærasten min eit småbruk på Fosen, ei klassisk trønderlån. Vi har gjort ein del, men mykje ligg enno framfor oss. Vi har ikkje hastverk med å bli ferdige, det er eit langtidsprosjekt vi driv med, seier Aas og held fram:

– Dikta i denne boka er frå dette arbeidet. Det er opplevingane mine av arbeid med materialitet eg skriv om. Som akademikar er det frigjerande å kunne arbeide med hus og bygg gjennom eit poetisk språk. Det opnar opp for andre perspektiv enn meir lukka fagtermar. Om det er tale om personlege erfaringar, er det også opplevingar som fleire vil kunne kjenne seg att i.

Olav H. Hauge

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement