Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Namne­galskapen

Prosessen som førte til namn på regionar som Innlandet, Viken og Vestland, står i grell kontrast til det omstendelege arbeidet som vart gjort for 100 år sidan.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7434
20181221
7434
20181221

Kommentar

svein@dagogtid.no

Som terapi mot den nye namnegalskapen i landet vårt, representert med namn som Equinor, OsloMet, Ruralis, Nord universitet, Innlandet og Vestland, har eg i haust lese bøker av Gustav Indrebø, den største målgranskaren i Noreg etter Ivar Aasen.

Det starta med at eg såg eit lausrive Gustav Indrebø-sitat: «Namni, tilliks med målet, er verdfullaste kultureiga folket hev, avgjerande for norsk serkjenne, norsk identitet.»

Setninga er presis og meiningstung. Sjølvsagt har Indrebø rett, tenkjer eg. Eg får tak i boka hans, Norsk namneverk frå 1927. Medan eg les, skjønar eg kva alvor som låg bak namnevala før, med årelange ordskifte, utgreiingar av språkvitarar, stortingsmeldingar og debattar i Stortinget i dagevis før endeleg vedtak.

Indrebø

Gustav Indrebø (1889–1942) voks opp i Oslo frå han var tolv år gamal. Han skifta til landsmål i studietida og vart ein ivrig talsmann for den tradisjonelle Aasen-lina. Han vart professor i målføregransking ved Bergens Museum, han var formann både i Det Norske Samlaget og Noregs Mållag og medlem i ei rekkje vitskaplege og offentlege utval. Han var bror til biskop Ragnvald Indrebø og grandonkel til innsidemannen Ragnar Hovland.

Ein enorm innsats og kunnskap prega personar som Gustav Indrebø, Marius Hægstad, Nikolaus Gjelsvik og andre som deltok i språkarbeidet på den tida. Professor i juss Nikolaus Gjelsvik las korrektur under paraplyen medan han venta på trikken. Indrebø hadde òg ein jarnhard arbeidsdisiplin og sleit seg ut – ikkje minst i kampen mot 1938-rettskrivinga som han såg på som eit stort feilsteg. Gustav Indrebø døydde berre 52 år gamal.

Runeteikn

Kvifor har nokre øyar og holmar namn som Vassholmen og Kjeldeholmen? Jau, dei fortel ei lita historie om at der kunne ferdafolk stogga og gå i land og finna vatn. Slik kan ein gå vidare namn for namn.

«Stadnamna ligg liksom spreidde utyver i titusund- og hundretusundtal. Dei er ulesande run-teikn når ein ser utan interesse, og ikkje i samanheng. Men dei fær liv når me ser med vaken sans og med umtanke og kunnskap. Då vert det ei samanhangande skrift for augo våre», skreiv Indrebø.

Åtte år før Gustav Indrebø vart statens namnekonsulent, i 1915, leverte dei to dåverande namnekonsulentane, professorane Marius Falk og Hjalmar Hægstad, Utredning om landets Inndelingsnavne på oppdrag for Kyrkjedepartementet. Det var eit stort arbeid der mykje av det norske namneverket skulle førast tilbake frå dansk til norsk skrivemåte.

Dei gamle amta – no fylka – skulle òg få norske, representative namn med vekt på det historiske i vid meining, på det etymologiske og på samanheng og einskap. Og fylka skulle ikkje lenger heita etter byar, slik som Stavanger og Trondhjem, men vera røynlege landskapsnamn.

Frå amt til fylke

Framlegget frå Falk og Hægstad var som fylgjer:

Austfold for det «intetsigende» namnet Smaalenene amt.

Romerike for Akershus, fordi dei mest «fremtrædende bygder» i amtet låg på Romerike.

Aust-Upland for det «ufuldstændige» Hedemarkens amt.

Vest-Upland for det «endu verre» Kristians amt.

Sør-Upland for Buskerud amt, fordi Hallingdal, Ringerike og Numedal har «været regnet til Uplandene».

«Det gode, gamle og velkjente» Vestfold for Jarlsberg og Larviks amt.

Telemark for Bratsberg amt, fordi telemarksbygdene var så framståande «at de må siges å karakterisere amtet».

Aust-Agder som «den mest passende benævnelse» for Nedenes amt.

Vest-Agder for «det lite betegnede» namnet Lister og Mandal amt.

Det gamle namnet Rogaland for Stavanger amt.

Likeins Hordaland for Søndre Bergenhus amt.

Fjordane for Nordre Bergenhus amt, ikkje Sogn og Fjordane, fordi eit fleirledda namn her var overflødig.

Møre for Romsdals amt, fordi det var «rammende for 2 av distriktets gamle fylker».

Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag for Søndre og Nordre Trondhjems amt, begge namneskifta for å unngå mistyding «så lenge Trondhjem brukes som navn på den gamle by Nidaros».

Nordland som før for Nordlands amt.

Trums for Tromsø amt, fordi det gamle namnet på øya er Trums, og det vart nytta «endog i danske regjeringsskrivelser langt ind i 16de aarhundrede».

Finnmark for Finmarkens amt.

Grunngjevingane for namna på dei nye fylka var dels Falk og Hæstads eigne og dels henta frå innstillinga om same tema i 1905, der Hægstad òg sat i komiteen, men stadig kom i mindretal. Fleirtalet i komiteen ville i 1905 blant anna ha bynamn som Oslo for Romerike og Skien for Telemark.

Saka kom opp i Odelstinget i juni 1918 og vart sanksjonert 14. august. Stortingsfleirtalet fylgde hovudprinsippa til Falk og Hægstad med seks unnatak. Dei endra Austfold til Østfold, Romerike til Akershus, Vest-Øst og Sør-Upland til Hedmark, Oppland og Buskerud, og Trums til Troms.

Eit merkeår

I tillegg vedtok Stortinget på same tid fornorsking eller nye namn på nærare 200 herad. I 1918, som var eit merkeår for oppattnorskinga av namna våre, skreiv Indrebø: «Ei lang rad med namn som var spraakleg, historisk og nasjonalt rotlause, hadde vorte ombytte med namn med betre norsk form og klang.»

Rett nok var ikkje Indrebø nøgd. At Stortinget endra framlegga til Hedmark, Buskerud og Akershus, braut med prinsippet om at namna skulle vera landskapsnamn som svara til fylkesområdet. Hedmark er ein mindre del av heile fylket, Buskerud er namnet på ein gamal herregard, og namnet Oppland er ikkje rettleiande fordi mykje meir enn det nye fylket høyrde med til dei gamle «Upplandi».

Akershus er òg imot hovudregelen, fordi Akershus er eit namn på ein gamal embetsmannsresidens.

Kontrasten

Vedtaksprosessen som leidde til namna Innlandet, Viken og Vestland, står i grell kontrast til det omstendelege arbeidet som vart gjort for 100 år sidan. No i 2018 var fagfolk knapt involverte, og alle tre vedtaka vart gjorde i strid med tilrådinga frå fagleg hald i Språkrådet.

I brev til Oppland fylkeskommune avviser Språkrådet kategorisk framlegget om Innlandet. Som inndelingsnamn vil det vera noko nytt. Den ålmenne tydinga av ordet innland, den indre delen av eit område, «taler imot å etablere det som fylkesnavn», for innland og innlandet blir brukt om indre område i heile landet.

Som Håvard Tangen i Norsk Måldyrkingslag sa det under høyringa på Stortinget om fylkesnamna: «Vi må skilja mellom samnamn og eigennamn. Det er skilnad på kua og Dagros.»

Språkrådet avvist

Språkrådet føreslo eigne namnekomitear for dei nye storfylka der namnet ikkje var opplagt, med medlemer med både namnefagleg og politisk kompetanse. Dessutan meinte Språkrådet at framlegga til nye fylkesnamn burde sendast på høyring «siden det er navn hele landet skal forholde seg til».

Men det vart det aldri noko av. Alle tilrådingane frå Språkrådet vart suverent avviste.

* * *

Kvar morgon på veg til arbeid må eg gå forbi den gamle høgskulen i Oslo og dei nye skilta «OsloMet» og «Oslo Metropolitan University – Storbyuniversitetet». I 1918 var det professorar i språkvitskap som la premissane for dei mange gode namnevala. I dag medverkar universiteta til forfallet i det norske namneverket.

Svein Gjeråker er ansvarleg
redaktør i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Namni, til liks med målet, er verdfullaste
kultureiga folket hev.»

Gustav Indrebø

«Vi må skilja mellom samnamn og eigenamn. Det er skilnad på kua og Dagros.»

Håvard Tangen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis