Muustrøparken
KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA
Den vesle Muustrøparken ligg nokre hundre meter frå Nils Aas Kunstverksted på Inderøy. Går ein oppover stien som slynger seg langs Granaelva, finn ein heile ti skulpturar av Nils Aas. Her ser eg på fem av dei.
Skulpturane viser kor sterk tyding Inderøy hadde for Aas gjennom livet. Her finn vi sjarmerande skildringar av inderøyingar, i tillegg til dyr han vaks opp med. Stavhopparen i titan svingar seg så elegant over lista høgt der oppe, til minne om dei mange idrettsaktivitetane som var i området kring 1950, der kunstnaren var aktiv i skihopp, høgde og fotball.
Like fint forma er den vesle anda som kviler på ein stein, så mjuk og lubben i forma. Lenger oppe i parken kikar eit ørlite og forvite ekorn mot oss.
Ei anna livleg og leiken dyreskildring er «Ringkatta». Ho skal vere laga etter ei katte som kunstnaren pla leike med som barn. Her krøker ho seg saman til ein ball og freser så ein nesten kan høyre det. Katta manglar ei tann, ho gjekk tapt i ein slåsskamp. Figuren er grovt skoren ut i tre, deretter støypt i bronse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.