JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Utanfor
formatet

Sjølv ikkje søskena Sundli kan fortelje heilt sikkert kva bandet Gåte er.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Før brotet i 2006 var Gåte rekna som eit av Noregs beste liveband. Her frå konserten på Sentrum Scene 17. november i år.

Foto: Mone Celin Skrede

6977
20181123

Gåte

Bandet vart starta i 1999 av søskena Gunnhild Sundli (f. 1985) og Sveinung Sundli (f. 1979)

Fram til 2006 gav bandet ut to studioalbum og eit konsertalbum. I november år kom albumet Svevn

Gåte består av Gunnhild Sundli (vokal), Sveinung Sundli (fele, tangentinstrument, vokal), Magnus Robot Børmark (gitar), Jon Even Schärer (trommer) og Mats Paulsen (bass)

Musikk

mone@dagogtid.no

Det er laurdag 17. november, og Gåte skal for første gong stå på Sentrum Scene i Oslo. Eitt år er gått sidan varselet om at gruppa skulle starte opp att, 14 år sidan førre studioplate, og dei er aktuelle med albumet Svevn.

Gunnhild Sundli går fram på ei røyklagd scene, kvitkledd og med ei krone av kvist på hovudet: «Kongjen og Knut Liten dei sat ivi bord – Iselilja», startar ho.

To dagar seinare er krona bytt ut med lys pannelugg gjennom eit nettkamera, og hos Sveinung Sundli finst det korkje hatt eller fele.

– Vi har laga ein råare versjon av gamle Gåte, og vi er dristigare enn dei fleste. I førre runde var vi opptekne av å vere tru mot dei opphavlege tekstene og låtane, og varsame med store endringar i melodi og form. Den sperra har vi ikkje no, seier Sveinung.

– Gåte har stått att som ein suksess etter at vi gav oss i 2006. Det var det skummelt å ta i, seier Gunnhild.

Frå folkemusikken

– Kva er de eigentleg, i musikkverda?

– Vi ønskjer å skape eit lydlandskap basert på norske tradisjonar. Vi har vakse opp med folkemusikken som naturleg innfallsvinkel. I den har vi samla det som er viktig for oss, seier Gunnhild.

Sjølv om søskena sit i kvart sitt hus ved kvar sin skjerm under intervjuet, fullfører den eine setningar for den andre:

– Vi er ikkje «mainstream», jamvel om vi har selt over 100.000 plater, og vert ikkje spelte særleg på radio og i spelelister fordi vi ligg «utanfor format». Vi har store ytterpunkt i musikken, og det viser att i publikum. Vi vert aksepterte innan så mange sjangrar: folkemusikk, hippie, rock, metal. Kven andre vert det?

– Kva skil nye Gåte frå gamle Gåte?

– Vi er framleis det vi vart kjende for, men eg trur røynsla vi har fått på desse åra, har gjort oss meir kompetente. Der det før var litt mystikk, skal det no vere mykje. Det harde skal verte hardare, og det mjuke skal verte mjukare, seier Gunnhild.

– Knut Buen, som er riddar av St. Olavs orden for tenesta si for norsk folkemusikk, skriv tekster for dykk. Tidlegare har de nytta tekster av Astrid Krog Halse. Kvifor skriv de ikkje sjølv?

– Knut Buen er eit folkemusikalsk ikon i Noreg, og den sjette bandmedlemmen i Gåte. Tekstene hans gjev ei tyngd vi ikkje kunne fått til sjølv. Knut skjønar intuitivt kva Gåte-universet er, seier Gunnhild.

Sveinung held fram:

– Vi er ikkje gode nok. Ingen av oss har dyrka og gått inn i tekstforma på ein måte som kan sidestillast med gamle tradisjonstekster som Horpa på det nye albumet. Det er ein mellomalderballade som sikkert har 200 versjonar, men ingen har teke låten og vrengt på han musikalsk slik som vi. Vi vil halde fram med å dyrke noko som ingen andre gjer, og eg har ikkje teksten i meg på same måte som eg har musikken. Det har Knut. Skulle vi ha prøvd dette sjølv, hadde det vore som å banne i kyrkja. Det vil ikkje skje, seier Sveinung.

Tryggleiken

Då bandet vart oppløyst i 2006, hadde Gunnhild Sundli vore vokalist og frontfigur sidan ho var 14. Ho starta å kvede då ho var ni. Og medan broren kosa seg som rockar på tur, kjende ho seg åleine. Etter Gåte-brotet arbeidde ho som skodespelar for Trøndelag Teater, ville ta utdanning og vart mor. No, parallelt med arbeidet i Gåte, ventar ho sitt andre barn, og tek bachelorgrad i rådgjeving og læring for vaksne.

– Då vi slutta, var eg 20, og alle tenåra hadde gått med til Gåte. Eg måtte finne min eigen kjerne. Og det vart utfordrande å vere søsken, seier ho.

– Korleis vart det utfordrande?

– Som søsken mister ein dei vanlege filtera og pakkar ikkje inn noko. Det er mest ein styrke, men den gongen var det ein grunn til at det ikkje gjekk lenger. Eg søkte tryggleiken i det rutinebaserte livet. Der er vi svært ulike, og den gong vart det ei kjelde til konflikt, fortel Gunnhild, før Sveinung skyt inn:

– Kvifor set ho ikkje pris på dette? kunne eg tenkje. No har «søstersen» slutta å ta over rolla som mor for meg, og eg har slutta å vere far for henne. Vi er til stades, og Gunnhild har ein sterkare posisjon. Ingen norske band har ein så god frontfigur. Difor var det så fint då ho kom til meg og sa at ho ikkje hadde lyst til å vere heilt vanleg lenger.

Då Gunnhild endeleg sa ja, hadde Sveinung vore ansvarleg for Storåsfestivalen, spelt i andre band og starta restaurant og klubb.

– Det har lege i meg heile vegen at eg ville attende til musikken. Men ein vinn ikkje i Lotto to gonger. No har det gått så bra at Gåte står fremst for oss alle, og det vil halde fram i lang tid. Vi skal lage meir og ny musikk, og vil prøve oss på eit internasjonalt publikum.

Gunnhild smiler til broren.

– For at ein skal trivast, må ein gjere noko ein er dyktig til. Det sakna eg, seier ho.

Kvar einaste kappleik

Sjølv om bandet konsekvent hamnar «utanfor formatet», dannar folkemusikken grunnlaget. Gunnhild og Sveinung Sundli vaks opp i Orkdal i Trøndelag, med foreldre som var svært interesserte i musikk. Søskena Sveinung, Gunnhild og Sturla måtte lære seg å spele fele på gamlemåten.

– Vi har vore med på kvart einaste stemne og kvar einaste kappleik frå 1985 til 1996, og da det var gjort, måtte vi vere med til Sverige òg. Eg er ein av dei siste som er opplært på gamlemåten, seier Sveinung.

Han starta som seksåring hjå folkemusikar Ragnvald Bolme, med opplæring ein time i veka.

– Da timen var ferdig, åt vi heimebakst og drakk mjølk med feittrand. Det var det eklaste med heile opplevinga, fortel Sveinung med eit smil.

Medan brørne stod i finstova hjå Bolme, fekk Gunnhild undervisning i kveding, og dei spelte fele saman med faren kvar kveld.

– Vi var litt verna mot pop, rock og annan populærmusikk, seier Sveinung og ler.

Gunnhild ler med, og held fram at Knutsen og Ludvigsen hadde ho ikkje høyrt om.

– Sveinung hadde ein kassett med a-ha, og vi hadde ein samlekassett med popmusikk på deling. Eg likte han ikkje, så eg bytte han ut med eit kyrkjekor som heitte Dåm, fortel ho.

Han med fela

I tenåra kjøpte Sveinung programmeringsbord for konfirmasjonspengane.

– Eg skulle ikkje vere han med bunaden og fela. Det einaste som var verre, måtte vere å vere forsongar i Ten Sing. Openberringa kom i identitetskrisa som technomann på Ungdommens kulturmønstring. Då forstod eg at eg kunne skrive musikk sjølv. Men eg har vore heldig. Det er berre nokre få utvalde som kan seie at dei har fått tradert opplæring slik som eg. No kan eg ikkje berre spele musikken, men eg forstår han, korleis eg skal harmonisere, kva som vert spennande, og kva som vert rett.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ingen norske band har ein så god frontfigur.

Sveinung Sundli, musikar, om søstera Gunnhild

Emneknaggar

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis