JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkKultur

Unorsk erkenorsk

Sidan Fieh, med Sofie Tollefsbøl frå vesle Eina på Vestre Toten i spissen, steig ut av musikklinja på Gjøvik for snart ti år sidan, har dei breidd om seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fieh består av Sofie Tollefsbøl (vokal), Jørgen Kasbo (gitar), Ola Øverby (trommer), Kai von der Lippe (keyboard), Solveig Wang (synth og kor), Lyder Øvreås Røed (trompet, perkusjon og horn), Andreas Rukan (bass) og Thea Arnesdotter (kor).

Foto: Jonathan Vivaas Kise

8390
20230929
8390
20230929

Musikk

marita@dagogtid.no

Fiehs første album, Cold Water Burning Skin (2019), gjekk for å vere «etterlengtet». Bandet var alt kjent for både å vere «flinkisar frå jazzlinja» og å halde forrykande konsertar. Også andreplata, In the Sun in the Rain (2022), blei omtalt som «etterlengtet». Dei vann Kulturdepartementets talentpris, Bendiksenprisen, i fjor og har blant anna blitt Spellemann-nominerte to gonger.

No er tredjeplata ute, og ja, same morgon står det å lese i NRKs «Best akkurat nå»-spalte: «Tollefsbøl og resten av hennes oransje entourage slapp i natt det etterlengtede (sic) albumet Fieh III.» Sett av heile helga og ta ein «Fieh-pils og Fieh-pizza», skriv musikkjournalisten.

Då er det ekstra kjekt å starte helga med ein prat med Sofie Tollefsbøl, som kjem omtrent rett frå sleppfest og deretter eit frukostseminar i regi av årets Bylarm i Oslo, som er ein viktig musikkongress og -festival, særleg for ferske artistar. Fieh spelte sjølv på Bylarm i 2017 og blei trekt fram som eit band folk måtte få med seg. Det gjekk gjetord etter ein nattjazzkonsert i Bergen, «Glu» blei ein hit, og Elton John rosa dei opp i skyene i radioprogrammet sitt.

– Men kva er Fieh-pizza?

Tollefsbøl flirer.

– Der blir vi visst parafraserte. Vi skal spele fire konsertar på Parkteatret i Oslo i november og har brygga vårt eige øl til det. Planen er at vi skal ha «Fieh pils og en pizza» på menyen.

«Kooky»

At Fieh sjølv parafraserer Åge Aleksandersen, vitnar om at dei har bakkekontakt. Dette er folk som kjem frå Søndre Land, Nordre Land og Vestre Toten, held på dialekten og ikkje lar seg styre av mas om image og trendar.

Audun Vinger i Dagens Næringsliv er inne på det i platemeldinga som kjem mens vi pratar saman: «Tollefsbøl er landets mest sjarmerende frontfigur, med en temmelig unik, kooky og upretensiøs sangstil (…). Hun har soul, men gjør det på sin egen måte, uten å leke amerikaner.»

Ho legg ikkje skjul på at ho er spent og nervøs.

– Då vi platedebuterte, var det eit par låtar eg nesten var lei av. Eg var så ung då eg skreiv dei; eg var livredd for kva folk ville synast. Då vi gav ut In the Sun in the Rain, var det endå verre. Eg såg for meg slakt og at «no er det over».

Når Vinger skriv at Fieh III «befester Fiehs posisjon som Norges nydeligste band», betyr det med andre ord mykje.

– Samtidig er eg meir herda no. Og eg synest Fieh III er bra. Får vi kritikk, kan det hende eg er ueinig.

At Fieh sparkar oppover i ein kjendisjagande bransje, høyrer vi i både «Glu» – «all these old men can not tell me what to do» – og ferske «Streamline»: «You’re working in a streamline ass-kissing face-obsessed stupid thing. Why should I come and join in?»

Gammal soul, ny soul

Apropos pizza og øl, så omtalte Fieh ein gong musikken dei jobba med, som ein «heftig italiensk tomatsaus»; «den må koke i cirka seks måneder». NRKs Espen Borge skriv at dei «skriker etter hoppende publikum og skvettende plastglass med øl». Dagens Næringsliv tyr til ein brusmetafor: «Fantastiske Fieh låter som en nyåpnet glasscola – og det bruser i hjernen ved første slurk.» Poenget er at Fiehs musikk er leiken, original og vanskeleg å sjangerplassere.

– Korleis vil du definere han?

– På popfestivalar kallar dei det jazz, på jazzfestivalar kallar dei det pop. Eg vil seie at det er ein slags ny, alternativ R&B eller soul. Inspirasjonskjeldene våre spriker. Gammal soul, ny soul og hiphop.

Noko som går igjen i omtalane, er at låtane er gjennomarbeidde. Fieh består av utdanna musikarar som kjenner kvarandre godt.

– Vi har høyrt mykje musikk i lag og har eit felles mål. Og så har vi gode teknikarar og produsentar.

Sjølv er ho ingen perfeksjonist.

– Eg er ingen audionerd. Men det er det andre som er. Vil eg ha ein viss lyd, skjøner dei andre kva eg meiner. Dei veit kva studio vi skal bruke, og diskuterer detaljar eg ikkje forstår meg på.

Utdanna vokalist

Fieh har rett nok fått hjelp av ettertrakta bransjefolk. Fieh III har dei produsert sjølv, mens In the Sun in the Rain blei produsert av Lars Horntveth og miksa av Russell Elevado, som har samarbeidd med artistar som D’Angelo, Angélique Kidjo og The Roots.

– Eg har høyrt eit par intervju med deg på NRK og blitt imponert over alt du kan om både eldre soul og nyare hiphop. Kva artistar set du høgast?

– Frå eg var lita, har eg høyrt på Outkast, som er gode på lydar og eksperimentell produksjon, og Kanye West, særleg dei første platene, der han samplar mykje soul. Steve Lacys nyskapande R&B ligg nærmast lydbildet eg ønsker å vere i. Eg har òg blitt inspirert av Solange, særleg sceneshowa hennar.

Tollefsbøl har blitt samanlikna med nettopp Solange, i tillegg til Janelle Monáe, Erykah Badu og liknande store stemmer frå USA – og då snakkar vi altså om stemma, som får merkelappen groovy. «It simply oozes groove!» skriv Nordic Music Central. Og då skal det seiast at Tollefsbø er utdanna vokalist. Ho studerte arabisk då ho kom inn på Musikkhøgskulen, og sjølv om ho har studert jus i ettertid, valde ho det som jo er eit usikkert yrke – med ein oktett.

Ingen sjef

Då Elton John uttrykte begeistring for Fieh i radioprogrammet sitt, Rocket Hour, spøkte han med at sidan Fieh tel åtte medlemmer, er det vel berre fjorten nordmenn som ikkje er med i bandet.

– Det er vel ikkje berre berre å vere så mange.

– Nei, det er ikkje lett å få øvd. Folk speler i andre band og har fullt opp. Heldigvis er alle flinke til å prioritere Fieh når vi får konsertoppdrag. Vi held saman fordi vi er ein fleksibel og tolerant gjeng. At funksjonsevna er varierande, må vi akseptere. Når folk jobbar bortimot gratis, kan vi ikkje krevje for mykje.

– Er det du som er sjefen?

Eg liker ikkje å vere sjef. Eg liker ikkje å organisere. Heldigvis tar dei andre ansvar. Men det er ofte eg som tar den siste avgjerda musikalsk.

Uansett blir musikken til i fellesskap, fortel ho.

– Eg kjem gjerne med ei skisse med tekst eller melodi, kanskje berre ei basslinje, ein trommegroove eller noko eg har spelt inn på keys, og så jobbar vi ut frå det. Andre gonger lagar vi ein låt frå botnen av på øving.

Barn av Vazelina

Tollefsbøl vaks opp med ein bror som var bluesgitarist og innvigde henne i musikken til Ray Charles, Aretha Franklin, Blues Brothers, B.B. King og soul og funk generelt, og ho høyrde på lokale legendariske band som Geir Wentzel Band, Vazelina Bilopphøggers og Bruno, der Maj Britt Andersen var vokalist.

– Carl Erik Hedløv, gitarist i Bruno, var læraren min på vidaregåande og hjelpte meg mykje, fortel ho.

Kanskje slektar Fieh på Vazelina, som spelte 50-talsmusikk på 90-talet, mens Fieh speler ein slags 70-talsmusikk i dag. Totenfunk blir det ofte kalla. Eller mjøsfunk. Og så speler dei på ein subtil, folkeleg humor. «Grendehus Funkadelic», for å ta eit eksempel, handlar om sjenerte gutar og jenter på bygdefest: «They want to sit by the table all night. Just kidding. They want to dance.» (Og ja, dei har med seg «products from the local distillery. Someone’s basement. It hits hard».)

«Supergud»

Ikkje minst går Fieh for å vere medrivande og festlege på scena. Og i motsetning til Vazelina og Bruno har dei fått lage show på stader som The New Colossus Festival i New York og South by Southwest i Texas.

– Kva Fieh-konsert er den mest minneverdige for deg?

– Jo, det var på North Sea Jazz Festival, seier Tollefsbøl etter å ha tenkt seg om.

– Vi spelte på Ranglerock på Bryne kvelden før og måtte omtrent rett til flyplassen for å komme oss til Rotterdam. Vi var så slitne. Hotellromma var ikkje klare, så vi sov litt på nokre benkar før vi måtte inn på festivalområdet. Scena var kanskje den minste der, men for oss var ho enorm. Her var det mange tusen menneske. Vi var heilt ifrå oss. Men så blei det bra. Folk dansa og var med. «Shit, det funkar», tenkte eg. «Dette er ikkje mamma og folk som kjenner oss. Dette er folk som liker musikken vår på ekte.»

– Kor går ferda i haust?

– Vi skal i alle fall spele i London. Og Volda.

Fieh skal òg til Ravensburg, Stockholm og København, blant anna. Bø og Bodø. Og kanskje vankar det ein bransjepris? Akkurat det er ikkje så nøye, skal vi tru teksten i «Supergud»: «Me and this satin dressed group walk into the award show. This industry is disturbing, but such things can’t bring me low.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis