Standup i ei woke-tid
Dave Chappelle vert kritisert for å sparka nedover i det nye standupshowet sitt. Set kritikarane grenser for ein sjanger som nettopp skal gå over grensa?
I slutten av oktober får Dave Chappelle Mark Twain-prisen – den høgste komikarprisen som vert gjeven i USA. Chappelle kjem då i selskap med mellom andre Richard Pryor.
Foto: Evan Agostini / AP / NTB scanpix
Før eg kjem inn på det nye showet til Dave Chappelle, vil eg presentera eit nyord: woke. Å vera woke er å vera sosialt medviten. Du har vakna, ser og skjøner korleis verda eigentleg er. Er du vorten woke, fylgjer du retningslinjer: Du skal ikkje bruka ord som kan opplevast undertrykkjande for minoritetar.
Sjølv er eg einig i at språk er eit kraftig middel som kan halda folk nede, men eg vil ikkje ikle meg dogmatiske verdiar. Ord er òg frigjerande. Særleg i handa på ein ordsmed på standupscena.
Mislikt
Tilbake til Chappelle, ein av dei største amerikanske komikarane. Misnøgd med bransjen forlét han rampelyset og sitt eige TV-program, The Chappelle Show, i 2005.
– Kvifor slutta du, spurde David Letterman i 2014.
– Eg slutta ikkje, eg kom berre sju år for seint på jobb, svara Chappelle.
Det siste showet hans, Sticks & Stones, er mislikt av «wokearane». Av kritikarar vert han kalla kvinnefiendtleg, rasistisk og diskriminerande. The Guardian gjev showet stryk og seier at Chappelle har mista den komiske tøtsjen. Avisas Charles Bramesco kritiserer Chappelle for ikkje å gjera som gudfedrane i standup, Lenny Bruce og Richard Pryor, som gjekk ut mot det trongsynte samfunnet.
Eg meiner tvert om at han nettopp kjempar mot det nye, snevre ytringsklimaet som meir og meir legg føringar for kva som kan seiast.
Sjå berre på tittelen Sticks & Stones. Chappelle spelar på den gamle barneregla Sticks and stones may break my bones, but words will never harm me. Eg meiner Chappelle med denne tittelen klårt testar ut kva som kan seiast på ei scene.
Ein vits som har trigga fleire meldarar, er når Chappelle set spørjeteikn ved Michael Jacksons skuld i overgrep. Dette er ikkje premissen for vitsen. Chappelle kallar seg nemleg ein victim blamer, ein som seier at offeret kan skulde på seg sjølv.
– Då eg høyrde at Chris Brown hadde slege Rihanna, spurde eg: Kva hadde ho gjort? Og då nokon fortalde at Michael Jackson hadde forgripe seg på born, reagerte eg med: Ja, men korleis gjekk dei kledd?
Drygt? Ja. Smaklaust? Sikkert for nokon, men likevel ein del av ein vits og ikkje nødvendigvis komikarens eigne synspunkt.
– Sjå heilskapen
I staden for å hissa seg opp over lausrivne bitar, oppmodar Chappelle til å sjå heilskapen. Han samanliknar det med å stå for nær ein elefant.
– Står du for nær, ser du han ikkje. Alt du ser, er den penisliknande huda. Du må ta eit steg tilbake og få eit betre overblikk.
Chappelle kritiserer korleis publikum rotar fram gamle utsegner på sosiale medium og bruker det mot folk. Dømet er komikarkollega Kevin Hart. Alt låg til rette for at han skulle få oppfylt draumen sin om å leia den 80. Oscar-utdelinga i fjor.
– Kevin er så godt som feilfri. Han er berre fire twittermeldingar unna å vera perfekt, seier Chappelle og fortel om dei åtte år gamle vitsane som førte til at Hart mista Oscar-oppdraget.
Dave Chappelle lèt seg ikkje stogga av kritikarar som tolkar orda hans i verste meining. Tek du eit steg tilbake og ser heilskapen, kan du sjå at han sparkar oppover, mot eit kvelande ytringsklima. Det er nett det standup skal gjera.
May Linn Clement er fast teiknar
og skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.