Soniske meditasjonar
Å lytta i djupna var eit omgrep som prega store delar av musikken til Pauline Oliveros.
Pauline Oliveros på scena.
Foto: Vinciane Verguethen
Pauline oliveros
Tilrådd lytting:
Sound Patterns (1962)
Alien Bog (1967)
Beautiful Soop (1966)
The Roots Of The Moment (1988)
Reverberations: Tape & Electronic Music – 1961–1970 (2014)

Pauline Oliveros var ein av dei viktigaste amerikanske komponistane og kunstnarane innanfor eksperimentell musikk i det førre hundreåret. Ho var ein pioner innan elektronisk musikk, og utvida bruk av trekkspelet som instrument og lydkjelde.
Eg hadde gledd meg til å oppleve henne på konsert, rettnok på ein skjerm, direktesend via Skype, på platesleppet for albumet Botanikk i november i fjor. Diverre døydde ho, 83 år gamal, berre nokre få dagar før, og ensemblet, leia av komponist Else Olsen S., gjorde i staden om platesleppet i Tårnsalen i Bergen til ein minnekonsert til ære for den banebrytande musikaren.
Fri improvisasjon
Oliveros vart fødd i 1932 i Houston i Texas. Ho voks opp med alt frå country, cajun og swing til klassisk orkestermusikk. Ho lærte seg å spela trekkspel i tenåra, og alt seksten år gamal hadde ho bestemt seg for å verta komponist. Ho utdanna seg ved University of Houston, men flytta etter ei stund vidare til San Francisco, der ho gjekk på college i tillegg til å undervisa og spela i ulike samanhengar. Ho studerte mellom anna i lag med komponist og kollega Terry Riley, og dei eksperimenterte tidleg med fri improvisasjon.
collage
Ho var òg tidleg ute med å laga collage med tapemaskinar og modulærsyntar, og ho utforska ulike måtar å manipulera lydkjelder på. Ho fann alternative teknikkar til å komponera for kor, med mellom anna verket Sound Patterns frå 1962.
Seinare laga ho ulike soniske meditasjonsøvingar, Sonic Meditations, der musikarar med hjelp av lange tonar frå røyster og instrument lærte seg å «stemma» seg sjølv og kvarandre til omgjevnadane, inspirert av asiatisk kampsport og filosofi.
Deep listening – djuplytting – var eit omgrep som prega store delar av produksjonen hennar. Ho skildra denne musikkfilosofien som «experiencing heightened awareness of sound, silence and sounding». Her var det viktig for henne å akseptera kvar einaste lydoppleving og røynsle fullt ut.
Pauline Oliveros flytta seinare til New York og levde siste delen av i livet i Kingston, eit stykke lenger nord i staten.
Mystisk
Eg spurde komponist Else Olsen S. om forholdet hennar til Oliveros. Ho møtte komponisten fyrste gong i 2006, då dei spelte ei rekkje konsertar saman:
– Ho var mentor og rettleiar då eg arbeidde med stipendiatprosjektet mitt, Open Form – An Expanded Performer´s Role. Oliveros vert ofte omtala som mystisk og konseptuell. Konseptuell er ho definitivt på mange måtar. Mystisismen opplevde eg med éin gong som ein naturlig del av ein ekte, lyttande måte å sjå verda på. Ho var spøkjefull og kunne nærast få latterkrampe av spørsmål om det som utanforståande opplevde som kryptisk og mystisk kring henne som person og kunstnar. Den djupe lyttinga som ho konstant praktiserte, såkalla deep listening, var ikkje noko konseptuelt for Oliveros. Den var ei sjølvfølgje på alle plan. Å lytta på Oliveros’ måte innebar å lytta til alle livets aspekt: til indre kjensleliv, til draumane både når ein søv og er vaken, til alle aspekt ved ein lyd. Slik står verda fram som velorkestrert gjennom lyttinga.
Som ein inngang til Oliveros eigenarta musikalske univers, vil eg særskilt tilrå å lytta til det nydelege albumet The Roots of the Moment, berre med solo trekkspel og elektronikk, gjennom eit par skikkeleg gode øyretelefonar. Om du søkjar på nettsidene til NRK P2, kan du òg høyre intervju og minneportrett på programmet Spillerom frå 27. november i fjor.
Stein Urheim
Stein Urheim er musikar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.